Saka er svært omfattande, og aktor Bente Staven brukte to timar berre på å lese opp tiltalen. Ronald Jensen, som er sett på som hovudmannen bak svindelen, og den tidlegare kollegaen erklærte seg ikkje skuldig på kvart einaste tiltalepunkt aktor leste opp.
Lang tiltale
Tiltalen mot Jensen er lang som eit vondt år. I rolla som dagleg leiar og styreformann i selskapet Bilcenteret Nye og Brukte bilar i året 1999 og fram til konkursen hausten same året, skal han ha latt vere å bokføre totalt 35 ulike bilkjøp i rekneskapen. Samla verdi er på nesten 7,4 millionar kroner, og dette er å rekne for eit grovt underslag og utruskap mot selskapet han styrte.
Fjerna bilar og utstyr
I eit anna selskap, RS Bilutleige Nye og Brukte Bilar som gjekk konkurs litt seinare same året, skal han ikkje ha ført inntekter for leige og sal av totalt fem bilar til ein verdi av 1,8 millionar kroner. Påtalemakta meiner også at han har fjerna bilar og utstyr til ein verdi av 1,2 millionar kroner frå det eine selskapet etter konkursen.
Triksing med kilometerteljar
Jensen har selt ein bil som var tre år eldre enn det han sa til kunden. I tilegg har han triksa med kilometerteljarane på fem andre bilar han har selt. Trond Hammer kjøpte i si tid ein 98 modell Audi A6 Quattro for 360.000 kroner av Jensen Auto. Men han skjøna raskt at ikkje alt var som det skulle med bilen. Tromsøveringen tok sjølv kontakt med Tyskland og mannen som hadde selt bilen til Jensen. Det viste seg at bilen ikkje hadde gått 76.000 km slik som Jensen hadde opplyst om, men 105.500 kilometer. Hammer måtte gå rettens veg for å få oppheva kjøpet og vann. Men Jensen anka og fekk forlik mellom partane.
Forfalsking av dokument
Vidare skal Jensen har lurt både tolldirektoratet og fylkesskattekontoret gjennom å forfalske dokument. På denne måten kunne han unngå statlege avgifter, meirverdiavgifter og skattar då han importerte bilane. Også ein av bilseljarane og styreformann i selskapet RS Bilutleige Nye og Brukte bilar er tiltalt i saka, men då for ein litt mindre sum.
Tiltalte forklarar seg i morgon
Dagen i dag går til innleiinga til aktor, og morgon skal retten få høyre dei tiltalte si forklaring. Det er kalla inn 50 vitne, og satt av ein månad til rettssaka.