NRK Meny

Seier opp avtale om barnevern

Eit samrøystes Balestrand kommunestyre har vedteke å seie opp samarbeidsavtalen med Sogn barnevern, det skriv Sogn avis i dag. Sogndal har vore vertskommune for barnevernssamarbeidet, men no har politikarane bestemt seg for å seie opp avtalen. – Sogndal kommune har som vertskommune ikkje hatt naudsynte internkontrollrutinar som sikrar at oppgåvene vert riktig utført, seier ordførar i Balestrand Harald Offerdal til avisa. Kommunalsjefen i Sogndal er ikkje samd, og understrekar at Sogn barnevern leverer ei robust og profesjonell teneste.

Harald Offerdal, ordførar i Balestrand
Foto: Noralv Pedersen / NRK
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.