Hopp til innhold

Kristenrussen tek avstand frå både sex og alkohol i russetida

Medan russ flest tevlar om heftige russeknutar, seier kristenrussen i Balestrand klart nei til både sex og alkohol. Dei meiner all alkoholen kan føre til overgrep.

Kristenrussen i Balestrand

GLADE OG KRISTNE: Silje Aarnes, Silje Vik, Jon Olav Økland, Yngvild Ljøkjell og Anna Irene Ueland er alle kristenruss. Dei har ingen behov for å bruke russetida til fyll og sex.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Silje Aarnes, Silje Vik, Anne Irene Ueland, Yngvild Ljøkjell og Jon Olav Økland er alle elevar på Sygna vidaregåande skule - ein kristen internatskule i Balestrand.

Dit kjem elevar frå heile landet, og mange av dei har teke det same klare standpunktet om å seie nei til både sex og alkohol.

Sexolog Magrete Wiede Aasland sa til NRK.no på fredag at jentene må skjerpe seg og ta meir ansvar. Ho sa at jentene ikkje kan gni og gnukke på gutane, og så meine at ein ikkje sender ut signal om at ein vil ha sex. Kristenrussen støttar sexologen, og seier ein ikkje kan legge all skuld på gutane:

– Det er mange jenter som vil vere lause. Vi jenter har også ei viktig rolle i dette her, seier Silje Vik.

Reagerer sterkt på sex og alkohol

Medan tusenvis av russ samla seg til landstreff i Kongeparken i Stavanger og på Lillehammer, feira kristenrussen i Balestrand på sin måte heime.

Silje Aarnes frå Hestadgrend i Gaular er ein av dei som reagerer sterkt på at russefeiringa for dei fleste handlar om sex og fyll.

– Eg trur at det er mange som misbruker russetida. Berre dei får på seg den raude buksa, så tenker dei at det ikkje er nokon reglar lenger. Då kan dei gjere det dei vil og brukar det som unnskyldning. Men eg tenker uansett. Dei som ikkje gjer det må ta konsekvensen av det, seier Aarnes til NRK.no.

Dei siste dagane og vekene har det kome fleire meldingar om påståtte valdtekter i russemiljøet rundt om i landet.

Kristenrussen i Balestrand meiner uforsiktig bruk av alkohol og ei for lett haldning til sex, i verste fall kan føre til overgrep.

– Vi har og ei viktig rolle i dette her, seier Silje Vik, som meiner at jenter sjølve må syne meir ansvar for å unngå at gutane går over grensa.

Ta meir ansvar

Kristenrussen i Balestrand er stolte over at dei har teke eit standpunkt mot sex i russetida. Yngvild Ljøkjell meiner at det er ille at russ faktisk vert oppmoda til sex med med mange for statusen sin del.

– Det blir for lettvint, og ein gir for masse av seg sjøl, så blir ein veldig såra. Eg trur ikkje ein har det veldig mykje betre av å få all den fridomen, seier Ueland.

Kristenruss på Sygna vgs i Balestrand

TEK AVSTAND: Silje Vik og Jon Olav Økland tek avstand frå både sex og alkohol. Dei feirar russetida utan.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK