Hopp til innhold

Seier nei til opprykk

Tambarskjelvar er svært nær opprykk til eliteserien etter at dei slo tabellrival Åsheim i går. Men klubben kan kome til å seie nei til plassen fordi dei manglar folk og ressursar.

Dermed kan draumen til kaptein Hilde Elvebakk om å spele i eliteserien verte knust.

- Det hadde vore kjekt. Vi har eit bra lag med godt samhald, og vi kosar oss når vi er på tur. Og det er viktig, seier ho.

Spelarar på farten

Det unge laget frå Naustdal er i ferd med å rykke opp til eliteserien. Det er klart etter at dei slo Åsheim 3-1 søndag. Når berre tre kampar står att med relativt enkel motstand tyder det meste på at Tambarskjelvar vinn sin divisjon. Men klubben kan kome til å takke nei til opprykk.

Trenar Sturle Standal seier at klubben har få spelarar og små ressursar.

- Vi er avhengig av at vi beheld den stallen vi har no. Og fleire av spelarane er no ferdige på vidaregåande, så det er eit spørsmål om dei er interesserte å vere igjen. Så i utgangspunktet er eg litt betenkt på om vi skal ta den plassen.

Rart

- Dette verkar kanskje litt rart på folk, men vi er ein rekrutteringsklubb. Vi driv ungdomsarbeid, og plutseleg er vi blitt gode nok for eliteserien.

Men kaptein og lagets beste spelar Hilde Elvebakk er usamd med trenaren sin. Søndag sat ho på tribuna og såg venninnene vinne ein tett og spennande kamp. Draumen for spelarane er å få prøve seg i eliteserien saman. Blir dette ikkje noko av fryktar Elvebakk at laget kan ryke, for hennar eigen del kjem ho til å spele for eit anna lag om ho ikkje får eliteseriespel med Tambarskjelvar.