Hopp til innhold

Seier nei til nye idrettshallar

Jølster kommune må spare 70 millionar kroner dei neste fire åra, skriv Firda. Rådmann Ellen Jensen har i forslaget sitt til økonomiplan difor fjerna både fleirbrukshallen på Vassenden og fotballhallen på Skei. Årsaka til kutta er høg lånegjeld. Sjølv utan å byggje to nye idrettshallar må det gjerast store kutt i drifta, seier rådmannen.