NRK Meny
Normal

Seier nei til nye arbeidsplassar

Høyanger kommune har sagt nei til at bedrifta Metallkraft får etablere seg i den nedlagde C-hallen.

- Dette er ein type arbeidsplassar vi ikkje er så interessert i her i Høyanger, seier ordførar Kjartan Longva til NRK Sogn og Fjordane.

- I tillegg vil vi helst ha C-hallen riven, og vi forhandlar med andre bedrifter som vi ser som mykje meir interessante enn Metallkraft, seier Longva.

Metallkraft har og vore i kontakt med Årdal kommune om etablering der, og har no og kontakta Meråker i Sør-Trøndelag. Selskapet jobbar med planar om å starte med resirkulering av solcennepanel.

100 tilsette

Longva seier etableringa ville krevje ei større ombygging av C-hallen og at kostnadene var usikre. Han meiner og at arealet bedrifta treng, ikkje står i høve til talet på arbeidsplassar etableringa ville gitt.

Dagleg leiar i Metallkraft, Knut Henriksen, har tidlegare sagt til Firda at ei etablering i Høyanger vil kunne skape opp mot 30 nye arbeidsplassar alt i 2007, og lenger sikt kanskje opp mot 100 tilsette.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser