Statens vegvesen la i slutten av november fram sine planar for ny trase for E39 gjennom Nordfjord. Dei meiner det billigaste og beste alternativet er via Stryn.
Men fylkespolitikarane har sitt å seie i saka, og ei ringerunde til fremste politikarane i Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser at dei ikkje vil ha E39 via Stryn.
Både Noralv Distad (H), Nils P. Støyva (Ap) og Jenny Følling (Sp) meiner alle at E39 bør krysse Nordfjorden via Anda-Lote.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil satse på regional utvikling i ytre
Dei sentrale fylkespolitikarane har nemleg ikkje sansen for Statens vegvesen sitt framlegg om at stamvegen nordover frå Byrkjelo skal gå i tunnel gjennom Utvikfjellet og vidare med bru over Nordfjorden til Svarstad.
Vegvesenet meiner dette er det billegaste alternativet, i tillegg til at det fører til kortast reisetid og slår best ut i analysen som ser på kostnader i forhold til nytten.
Noralv Distad, gruppeleiar i Høgre, meiner alternativet via Lote-Anda er det beste for den regionale utviklinga i Sogn og Fjordane.
– Dette vil gje ei god nord-sør-løysing, samtidig som vi får utnytta den regionale effekten av den store investeringa ein no skal gjere. Vi får utvikla Nordfjord som ein bu- og arbeidsmarknad og kan knyte Eid og Gloppen tettare saman med fast samband, seier Distad til NRK.no.
- LES OGSÅ:
Kan ikkje berre tenkje på reisetid
Også Jenny Følling, som er fylkesvaraordførar for Senterpartiet har mest sans for kryssing av Nordfjorden via Anda-Lote, med tunnel til Hornindalsvatnet og vidare til Kjøs bru.
– Skal det byggjast bru over Nordfjorden, må ein gjere det der folk bur, slik at det gjer regional effekt. Det kostar eit par milliardar å byggje ein bru, og då må effekten vere meir enn at trafikken køyrer raskare gjennom Sogn og Fjordane, seier Følling.
– Men det vil bety 20 minutt lenger reisetid nord-sør, er det bra?
– Isolert sett er ikkje det bra for gjennomgangstrafikken. Men for å få til ein god stamveg må ein gjere eit kompromiss. Vi må også ta omsyn til kva følgjer traseen kan ha for bu- og arbeidsmarknaden, seier Følling.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Anda-Lote er dyrare
Stamvegen i tunnel under Utvikfjellet og vidare med bru over Nordfjorden til Svarstad, er kostnadsrekna til 4,5 milliardar kroner. Reisetida frå Skei til Volda er rekna til 65 minutt.
Alternativet via Anda-Lote er derimot kostnadsrekna til 5 milliardar og reisetida Volda -Skei til 87 minutt.
Dette viser at indre line er det klart beste alternativet, seier Kjell Kvåle, som er prosjektleiar for den nye stamvegen.
– I vår rapport har vi særleg lagt vekt på dette med reisetid. I tillegg er alternativet via Anda-Lote dyrare, seier Kvåle i Statens vegvesen.
Avgått ordførar seier nei til Stryn
Men dei fremste politikaren vil ikkje utan vidare gje støtte til Vegvesenet sitt forslag. Heller ikkje Nils P. Støyva, som er fylkesleiar i Arbeidarpartiet har lyst på indre linje.
– Slik Arbeidarpartiet har vurdert det er Anda-Lote den beste løysinga, ut frå ei regional vurdering, seier Støyva som samtidig vedgår at lengre reisetid gjennom fylket er ein av bakdelane.
– Du har nettopp gått av som ordførar i Stryn, det må sitje lang inne å kome med ei slik vurdering?
– No skal fylkespartiet ha ei grundig vurdering av dette. Eg er fylkesleiar i Arbeidarpartiet og det er den rolla eg har.