NRK Meny
Normal

Seier nei til kommersialsering av flyruter

Flyrutene på Sogn og Fjordane bør framleis vere konsesjonsruter, subsidierte av staten. Det er tilrådinga frå fylkesrådmannen til politikarane, som no skal komme med sine innspel til departementet.

Widerøe på Førde lufthamn Bringeland

KAN BLI KOMMERSIELLE: Rapporten frå TØI konkluderer med at rutene mellom Førde og Oslo, til dømes, kan bli kommersielle, og at rutene mellom Førde og Bergen bør leggast ned.

Foto: Kjell Arvid Stølen (MMS-foto) / NRK

Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt konkluderer med at enkelte ruter i fylket kan bli kommersielle, men nestleiar på samferdsleavdelinga i fylket, Ole Ingar Hæreid seier fylket er best tent med at rutene held fram som i dag.

– Innføringa av kommersielle ruter kan bety eit dårlegare rutetilbod, dyrare billettprisar og for enkelte flyplassar, spesielt Florø, større fly, fortel han.

Hægreid seier dei ikkje er i mot større fly, men redde for konsekvensane for innbyggjarar og næringsliv i fylket, dersom fylket får det han meiner er eit dårlegare rutetilbod og dyrare prisar enn det som er i dag.

Heller tidleg avgang Bergen

Det er Samferdsledepartementet som har fått Transportøkonomisk institutt (TØI) til å vurdere dei ulike flyrutene på kortbanenettet framfor ny utlysing av anbod som skal gjelde frå 1. april 2016.

Rapporten konkluderer med at rutene mellom Oslo og Førde, Oslo og Florø og Bergen og Florø kan bli kommersielle – det vil seie gå utan statleg støtte.

Den andre konklusjonen er at rutene mellom Bergen og Førde bør leggast ned på grunn av få passasjerar. Hæreid meiner fylket også treng desse rutene.

– Vi ber heller om at dei vurderar ein tidlegare avgang frå Bergen. Dersom ein reiser til Bergen på møte eller anna aktivitet, så kjem du ikkje tilbake før seint på kvelden, og det er eit problem, seier han.

Han trur det kan vere noko av årsaka til at belegget er dårleg.

Vil ha det slik som i dag

Tilrådinga frå fylkesadministrasjonen til samferdsleutvalet og seinare fylkesutvalet bygger også på høyringsfråsegner frå alle flyplasskommunane samt andre relevante instansar.

Desse er no svært eintydige etter at Flora bystyre endra den opphavlege fråsegn på det ekstraordinære møtet måndag.

– Dei er samstemte alle saman, og det går på at dei er i mot innføring av kommersiell rutedrift, og det er eit ønskje å vidareføre rutesystemet innafor det systemet som er i dag, forklarar Hægreid.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå