Seier nei til bompengar på pendlarveg

«Folkeaksjonen nei til mer bompenger» (FNB) meiner staten sender rekninga for dårleg vedlikehald til bilistane om pendlarar mellom Dale og Gaular må betale bompengar.

Knut Inge Andersen

SEGLAR I MEDVIND: Toppkandidaten til folkeaksjonen mot bompengar, Knut Inge Andersen, meiner det er feil at pendlarane mellom Dale og Gaular må betale bompengar for det han meiner er forsømt vedlikehald.

Foto: Privat

Sjokkbølgjene etter bompengekrigen i Bergen er i ferd med å nå Sogn og Fjordane og. Der har protestpartiet «Folkeaksjonen nei til mer bompenger» blitt byens største parti. Om dette blir resultatet ved valet til hausten vil det gi partiet kring 32.000 røyster, noko som er meir enn det Arbeidpartiet og Senterpartiet fekk til saman ved førre fylkestingsval i Sogn og Fjordane.

Den enorme oppslutnaden har tvinga statsminister Erna Solberg til å vedgå at nivået på innkrevjing av bompengar er blitt for høgt for raskt.

Held oppslutnaden seg vil partiet også kome inn i det nye fylkestinget i Vestland til hausten. Ei meiningsmåling Bergens Tidende presenterte denne månaden syner at partiet fekk sju prosent oppslutnad i det nye fylket. Det ville i så fall gitt fire representantar i det nye fylkestinget om det hadde vore val i dag.

– Bodkrig mellom bygdene

I Sogn og Fjordane vert det i dag berre kravd inn bompengar rundt Førde sentrum. Men parallelt med at motstanden er blitt ei nasjonal kampsak vert det likevel planlagt eit stort bompengeprosjekt mellom Dale og Storehaug i Gaular. Statens vegvesen har rekna på ulike alternativ. Det dyraste kan bety at dagpendlarar mellom Fjaler og Førde kan få ei ekstrarekning på kring 2000 kroner i månaden.

Ein av dei som kjenner vegen godt er toppkandidaten til FNB ved haustens fylkestingsval i Vestland, Knut Inge Andersen. 56-åringen er nemleg fødd og oppvaksen i Dale.

Og han vil ikkje sjå eit einaste nytt bompengeprosjekt, verken på heimlege trakter eller i Bergen der han no bur.

– Staten har sett i gang ein slags bodkrig mellom bygdene og kommunane. Og då blir det slik at dei som til slutt bryt ut og seier dei er villige til å betale bompengar, dei rykkjer opp og fram i køen.

– Har forsømt vedlikehaldet

Andersen vedgår at standarden på vegen langs Dalsfjorden er for dårleg og at pendlarane fortener betre. Men han meiner staten må ta heile rekninga for utbetringa av vegen som han meiner dei har forsømt vedlikehaldet av.

– Det å krevje inn bompengar for det som eigentleg er vedlikehald går ikkje.

Om partiet kjem inn i fylkestinget vil dei jobbe hardt for å stoppe nye bompengeprosjekt også i Sogn og Fjordane.

– Bompengar er ikkje vegen å gå. Med dei kalkylane som ligg der no, så vil det verte ei altfor høg belastning for dei som pendlar dagleg mellom Dale og Førde. Bompengar er ein forferdeleg lite effektiv måte å hente inn pengar på. Det går vekk altfor mykje pengar i administrasjon. Og det prosentvise tapet vert verre med mindre bilar som passerer bomstasjonane.

Fredar Førdepakken

Men det einaste bompengeprosjektet i Sogn og Fjordane i dag, Førdepakken, har han ikkje planar om å ta opp kampen mot.

– Det er mykje verre å fjerne ting enn å hindre at det kjem nye. Vi vil difor konsentrere oss om å hindre at det kjem fleire bompengeprosjekt, seier Andersen.