Hopp til innhold

Seier ja til skiskyttarlinja i Stryn

Hovudutvalet for opplæring har vedteke å søkje departementet om oppretting av ei landslinje i skiskyting i Stryn.

Jarle Midthjell Gjørven

FULL FART: Fylkesutvalet for opplæring støttar søknaden om ei landslinje for skiskyttarar ved Stryn vidaregåande skule, Dette gir talentet Jarle Midthjell Gjørven sjansen til å gå på skule i Stryn.

Foto: Rune Fossum

– Det er viktig at ungdom som har talent innanfor ulike idrettar, får eit tilbod i fylket, seier utvalsleiar Norvall Nøringset (SV).

Hovudutvalet støttar dermed innstillinga frå fylkesdirektøren for opplæring. No går saka vidare saka vidare til Kunnskapsdepartementet som skal handsame søknaden om ei landslinje.

– Landslinjer angår elevar i heile landet og det er kjempeflott om Stryn får ei slik linje. Vi håper at signala mellom anna skiskyttarforbundet har kome med, gjer til at departementet godkjenner søknaden, seier han.

Først nei – så ja

Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, har tidlegare gått inn for å leggje ned den populære skiskyttarlinje ved Stryn vidaregåande skule.

Både Stryn vidaregåande skule og Norges Skiskytterforbund ynskjer seg ei landslinje i Stryn, men fylkesdirektøren gjekk inn for avslag fordi skulebruksplanen seier at det ikkje skal vere idrettsfag i Stryn.

10 plassar

For ei veke sidan gjekk fylkeskommunen likevel inn for å behalde tilbodet om utdanning for talentfulle skiskyttarar på Stryn vidaregåande skule.

Det er planar om ei landslinje med 10 plassar ved studiespesialiserande utdanningsprogram frå skuleåret 2015/2016. Seier departementet ja til linja ved skulen, skal tilbodet finansierast innanfor det statlege tilskotet til landslinja.

– Landslinjer er vidaregåande opplæring og det er gratis. Talent som elles skal utvikla seg, kan bli tvinga til å gå på private skular som kostar mykje. Det er viktig at dei med talent, men som ikkje har økonomiske midlar, skal få høve til å bli betre, seier Nøringset.

Sikra overgangsordningar for medieelevane

Fylkesdirektøren for utdanning ønskte å flytte medieelevane frå Sandane til Sogndal alt til hausten, men hovudutvalet for opplæring har valt å leggje til rette for overgangsordningar som sikrar at elevane får gå ferdig utdanninga si der dei er.

– Vi har endra eit opplegg i forhold til det vi kallar mellombelse tiltak i forhold til dei linjene som får store endringar. Det gjeld først og fremst medium og kommunikasjon, seier Nøringset.

Norvall Nøringset

OVERGANGAR: Leiar for hovudutvalet for utdanning, Norvall Nøringset, understrekar at dei som skal gå tredje året på medium og kommunikasjon, skal få halde fram ved dei skulane dei går på i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var føreslege å leggje tredje året for alle tre skulane i Sogndal, men det vil hovudutvalet endre på.

– Vi har gitt eit tilbod for dei som vil av medium- og kommunikasjonselevane til å søkje påbygging ved Hafstad vidaregåande skule for å gå tredje året medium og kommunikasjon, med ti timar mediefag på påbygg. Det er det same som dei vil få tilbod om i Sogndal etter den planen som var lagd først, seier Nøringset.

Skal få fullføre

Utvalet har også flytta ein klasse på påbygg frå Dale til Firda vidaregåande, slik at dei får høve til å gå tredje året ved medium og kommunikasjon der også.

– Det blir på same måte som på Hafstad, med påbygg og ti timar mediefag for dei som ønskjer det. Dermed får du same tilbodet i Sogndal, på Firda og på Hafstad for dei som skal byrje i tredjeklasse medium og kommunikasjon til hausten, seier Nøringset.

Han legg til at det vert tilnærma det same opplegget som eksisterer i dag.

Dermed innfrir ein det ønsket som vart fremma av elevrådsrepresentanten frå Firda vidaregåande, Oline Birgitte Nave, i går.

– Det er eit ønskje frå alle tre skulane at elevane får vere der dei er i dag, og at dei kan fullføre den utdanninga dei har byrja på, seier Nøringset.

Desse grepa vert tekne for å sikre at dei som allereie er i gang med eit løp i medium og kommunikasjon, skal få fullføre.

– Det er også overgangsordningar for dei som går andreåret. Ein vil komme tilbake neste skuleår for å sjå om det er behov for nye justeringar i skulebruksplanen, seier Nøringset.

Strir ikkje med skulebruksplanen

Han understrekar at det er omsynet til elevane som har vege tungt i denne saka.

– Dei har byrja på eit opplegg og går på ei utdanning. Sjølv om ein seier at dette er eit yrkesfagleg opplegg, så veit ein at det er svært få lærlingplassar i desse yrka her. Det ville ført til at mange ikkje fekk fullført den utdanninga dei har byrja på, seier Nøringset.

Han peikar på at det er viktig at elevane får høve til å ta studiespesialisering.

– Mediefag er viktig i utdanninga deira. Det er sisteåret dei skal nytte til å vise seg fram og vise kva dei står for, og bruke det til å søkje studieplassar seinare, seier Nøringset.

– Du fryktar ikkje at dette skal vere med å utarme det vedtaket ein faktisk har gjort om skulebruksplanen?

– Nei, det ligg innanfor skulebruksplanvedtaket, for vi gjorde vedtak om at vi skulle ha overgangsordningar i nokon år for å gje elevane den utdanninga dei har krav på, seier Nøringset.