- Jobbar og utvikling veg tyngre enn miljøkonsekvensane, seier rådmennene ifølgje Firda.
Nordic Mining har planar om å starte utvinning av det verdfulle metallet rutil i Engebøfjellet på nordsida av Førdefjorden i Sunnfjord.
- LES OGSÅ:
No skal politikarane ta stilling til saka
Prosjektet er svært omstridd, ettersom ei gruve vil medføre store inngrep i fjellområdet - samstundes som enorme mengder restmassar frå fjellet kan bli dumpa i eit deponi i fjorden.
Ulike miljøgrupper og fiskeridirektoratet har kjempa for å få stoppa prosjektet, og om få veker skal politikarane ta stilling til saka.
LES OGSÅ:
Rutil vert nytta som fargestoff i mellom anna måling, plast, papir og i næringsmiddel, og finst i ein konsentrasjon på mellom tre og fem prosent i eklogitten i Engebøfjellet.
Difor vert Engebø-gruva rekna som eitt av dei mest framtidsretta mineralfunna i Sogn og Fjordane.
- Vil leggje til rette for utvikling
Måndag vart det klart at Nordic Mining legg 30 millionar kroner i eit nærings- og kulturfond, etter ein avtale mellom gruveselskapet, dei to kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
- 30 millionar var det vi klarte å komme fram til. Vi har hatt ei retning i forhandlingane, der hovudmålet er å leggje til rette for lokal og regional næringsutvikling, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal til Firda.