Hopp til innhold

Seier ja til omstridd gruvedrift i Naustdal

Regjeringa seier ja til Nordic Mining sine planer om rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal. – Norge treng fleire bein å stå på, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Ivar Fossum fra Nordic Mining orienterte i dag om planlagt rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal ved Førdefjorden.

FIRE ÅR: Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, seier dei vil trenge fire år med førebuingar før dei kan komme i produksjon med gruvedrifta i Engebøfjellet.

Dermed ser det ut til å gå mot eit endeleg punktum i saka som i fleire år har splitta det politiske miljø og innbyggjarane i Naustdal kommune.

Regjeringa har handsama planane, og i dag fall dei siste brikkene på plass.

– Engebøprosjektet skal hente ut verdifulle mineral, som brukast i alt frå tannkrem til måling og som metall i fly og sportsutstyr. Engebø vil medverke til auka aktivitet og nye arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Ja til sjødeponi

Ivar Fossum

NØGD: Ivar Fossum i Nordic Mining er svært nøgd med at dei endeleg får lov til å starte arbeidet med å vinne ut rutil i Engebøfjellet.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Moderniseringsdepartementet har i dag stadfesta reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet har gjeve løyve til eit svært omstridd sjødeponi i Førdefjorden.

Nordic Mining vil investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Norge. Gruvedrifta kan bety 170 arbeidsplassar knytt til gruvedrifta, ytterlegare 300 arbeidsplassar lokalt i Sunnfjord, og Mæland viser i ei pressemelding til at den kan bety 500 arbeidsplassar på landsbasis.

Gruvemotstandarar i Vevring.

PROTESTERTE: Gruvemotstandarane viste tydeleg si haldning då dåverande miljøvernminister Erik Solheim (SV) vitja Vevring i 2011.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det har vore ein lang veg å gå, så dette er ein stor dag. Vi er glad for at det endeleg blir sett punktum i saka, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum til NRK.

Oppstart om fire år

Verksemda har funne kring 250 millionar tonn rutilmalm i Engebøfjellet. Noric Mining har sidan 2007 eigd rettane til ressursane. Kommunestyra i Askvoll og Naustdal har godkjent planane.

– Det er mykje som skal gjerast no, og det vil ta kring fire år før vi kan starte opp, held Fossum fram.

Deponering av 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden har vore spesielt omstridd. Regjeringa presiserer at ein føresetnad til løyvet er at det marine miljøet må ivaretakast på ein tilfredsstillande måte.

Stiller strenge krav

Monica Mæland

SEIER JA: Næringsminister Monica Mæland (H) har velsigna Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Naustdal.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det blir stilt strenge krav til overvaking og dokumentasjon av utsleppa. Det er første gong det blir stilt krav i eit utsleppsløyve om å dokumentere at sjømaten er trygg.

– Engebøprosjektet er det største planlagde mineralprosjekt i Norge, seier Mæland.

– Skal Norge ha framtidas arbeidsplassar og velferd, må vi ha konkurransedyktige verksemder. Mineralnæringa kan vere ein motor for auka aktivitet og fleire arbeidsplassar i distrikta, legg næringsministeren til.