Hopp til innhold

Seier ja til nytt inntektssystem

Førde kommune vel å støtte ei omlegging av inntektssystemet. Med 14 mot 13 vedtok bystyret dette punktet i ein høyringsuttale til kommunereforma, skriv Firda. I det same punktet står det at Førde kommune meiner inntektssystemet i større grad må sikre inntekt og teneste i dei mellomstore kommunane med 10- til 30.000 innbyggarar. Senterpartirepresentant Iris Loftheim skildra det som eit signal om at Førde ikkje bryr seg om nabokommunane, og var sjølv sterkt imot, ifølgje avisa.