Hopp til innhold

Seier ja eller nei til Stad kommune

SELJE/BRYGGJA (NRK): Innbyggjarane i Selje, Vågsøy og Vanylven gjekk i dag til valurnene for å ta stilling til storkommune, og kva fylke dei vil høyre til.

Mona og Karoline Austring, folkerøysting Selje

BORGARPLIKTA: Mona og Karoline Austring på veg ut frå folkerøystinga i Selje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

NB. Vallokala stengde klokka 18.00. NRK følgjer opptellinga utover kvelden.

– Det er hemmeleg val, ler Mona Austring.

Saman med dottera har ho tatt turen til røystelokala i Selje sentrum for å gi si meining.

– Eg stemte blankt på begge. Eg meiner vi skulle vore ein Nordfjord-kommune. Skal vi bli større, så må vi vere skikkeleg store. Då hadde Nordfjord vore eit bra alternativ, seier Austring.

Dette røyster dei over

  • I Nordfjord-kommunane Selje og Vågsøy – og i sunnmørskommunen Vanylven skal innbyggjarane i dag seie ja eller nei til storkommune med Måløy som nytt kommunesenter.
  • I tillegg blir folk i Selje og Vanylven bedne om å seie kva fylke dei helst vil høyre til, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. Til no har ikkje kommunestyra i nokon av kommunane vore villige til å byte fylke.
  • I Vanylven skal innbyggjarane ta stilling til om dei skal bli ein del av ein ny Runde kommune saman med fleire sunnmørskommunar, om dei skal sjå sørover til Selje og Vågsøy, eller halde fram som i dag.

Intensjonsavtalen legg opp til at den nye kommunen skal få namnet Stadt, men Språkrådet konkluderer med at namnet i så fall må bli Stad.

Kart over ein mogleg Stad kommune

STAD KOMMUNE: Slik kan ein ny storkommune på med Stadlandet som geografisk midtpunkt bli sjåande ut.

Foto: NRK

– Fylke ikkje så viktig

I motsetnad til mora, vil ikkje Karoline Austring avsløre kva standpunkt ho landa på. Men ho meiner det er viktig å delta.

– Eg vil vere med og seie kva eg meiner. Ein kan ikkje syte over ting og tang, viss ein ikkje går og stemmer. Har ein meiningar om dette, må ein gå og stemme.

Skal ein tru familien Austring, er det kommunegrensene, ikkje fylkesgrensa som opptek mest.

Folkerøysting i Selje om storkommune

SELJE: Her legg Karoline Austring sin røystesetel i urna.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det med fylkesgrensa tenker eg ikkje er så viktig. Det er andre strukturar som er viktigare. I Nordfjord er det mange ting ein har bra samarbeid om, til dømes helse og psykiatri som eg jobbar innan. Der er eit godt potensial til å utvikle samarbeid på andre område også, trur Mona Austring.

I det som enno er nabokommunen Vågsøy, har Dagfinn Solheim gjort si borgarplikt i røystelokalet på Bryggja. I same lokale var Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad og avla sine røyster måndag ettermiddag.

– Eg stemde ja stemde til samanslåing. Eg trur det berre er eit tidsspørsmål før det blir tvang, seier Solheim til NRK.

Han fortel at han lokalt har merka lite engasjement rundt folkerøystinga, men seier han håpar folk bryr seg.

  • Les også: Mot siste val for Selje?
  • Eli Vambeset og Dagfinn Solheim, folkerøysting Bryggja

    VÅGSØY: Valfunksjonær Eli Vambeset tek i mot Dagfinn Solheim si røyst.

    Foto: Eva Marie Felde / NRK

Mange har røysta

I røystelokalet i Selje har funksjonærane hatt ein travel dag.

– Det har vore eit jamt sig gjennom heile dagen sidan klokka 10, fortel leiar Ole Bosnes i Selje valkrins.

I 17-tida hadde valdeltakinga bikka 40 prosent. Bosnes er spent på kva talet ender på når vallokala stengjer klokka 18.

– Det som er spesielt gledeleg er at 10.-klassingane har møtt opp i hopetal. Det er kjekt å sjå at 16-åringane engasjerer seg og bidreg med sine røyster.

Røystesetlane i Selje

DETTE SKAL DEI SVARE PÅ: Slik ser røystesetlane ut i Selje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Merkar engasjementet

Den tidlegare rektoren har inntrykk av at spørsmålet om storkommune vekker sterkt engasjert.

Ole Bosnes, leiar i Selje valkrins

HEKTISK: Ole Bosnes ventar bra trykk av veljarar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dei siste to vekene har tema vore framme både i private samanhengar og elles når ein har møtt folk på gata. Mange av dei som har vore innom i dag, har fortalt oss i sekretariatet kva dei personleg meiner. Så sjølv om dei har levert stemmesetel, har dei lyst til å meine meir utover det.

Resultata frå alle tre kommunane er venta å vere klart i 21-22-tida måndag kveld. Då får ein vite om dei rådgjevande folkerøystingane tilrår ein ny Stad kommune, og kva fylke den i så fall bør høyre til.

– Eg er ganske spent. Eg synest det er vanskeleg. Folk meiner mykje forskjellig, så det blir spennande å sjå kva fleirtalet synest om dette, seier Karoline Austring.