Hopp til innhold

Fylkeskommunen får bestå - men politikarar fryktar dei blir ribba for oppgåvar

Regjeringa kjem ikkje til å leggja ned fylkeskommunane i landet. Både Høgre og Frp ønskjer å fjerna det regionale forvaltningsnivået, men det får dei ikkje fleirtal for i Stortinget.

Jardar Jensen

HAR LAGT VEKK PLANAR: Statssekretær i Kommunaldepartementet, Jardar Jensen (H), sa at regjeringspartia har lagt vekk planen om å leggja ned fylkeskommunane i landet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det vedgjekk statssekretær i Kommunaldepartementet, Jardar Jensen, då høgremannen vitja Leikanger i går.

– Det er berre Høgre og Framstegspartiet som har sagt at dei ønskjer å fjerna fylkeskommunen. Difor er det ikkje fleirtal for det i Stortinget, seier han.

Vil ha sterke og robuste kommunar

Han ville ikkje etterlata seg tvil då han vitja byråkratbygda Leikanger i går kveld. Statssekretær i Kommunaldepartementet, Jardar Jensen, var komen til Sogn for å ta del i eit folkemøte om regjeringa sitt prestisjeprosjekt – kommunereforma.

Alle dei politiske partia i Leikanger arrangerte det opne møtet på Statens Hus. Og Jensen var raskt ute med å roa dei i salen som var engstelege for framtida til fylkeskommunen.

– Vi i regjeringa har bestemt oss for at vi legg det vekk og konsentrerer oss om det som er grunnmuren i lokaldemokratiet, nemleg å få sterke og robuste kommunar, sa Jensen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jenny Følling

TRUR DEI KAN MISTE MYKJE: Fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Sp er redd for å at fylkeskommunen på sikt kan bli ribba for oppgåver.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fryktar dei blir ribba

Men bodskapen frå regjeringsutsendingen roa ikkje fylkeskommuneforkjemparane i salen. Neste vår skal nemleg eit ekspertutval føreslå kva oppgåver som skal flyttast frå staten og fylkeskommunane til kommunane.

I dag har fylkeskommunen ansvar for kultur, næringsutvikling, samferdsle og dei vidaregåande skulane. Fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Senterpartiet er redd det kan sjå heilt annleis ut om Regjeringa får det som dei vil.

– Ein kan sjå føre seg at fylkeskommunen blir ribba for oppgåver og at vi blir ståande att med dei vidaregåande skulane. Det vil vere synd om vi ender opp med det.

– Kva er framtida for fylkeskommunen om det skjer?

– Då vil det bli spørsmål om dette nivået. Eg meiner fylkeskommunen er ei viktig ramme for mange oppgåver som skal løysast, det kan gjelde veg, skular, regionale utviklingsoppgåver og beredskap. Då må nivået riggast til å greia den oppgåva, seier Følling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Flæte (f.v.), Jenny Følling og Arne Johannesen

ALLE PARTIA VAR MED: Fullt hus då dei politiske partia på Leikanger skipa til møte om kommunereforma. På fremste benk: innleiarane tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte (f.v.), fylkesleiar i KS Jenny Følling, og leiar i Luster Ap, Arne Johannesen

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Venstre vil ha eit tredje nivå

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og sentralstyremedlem i Venstre, brukar kommunereforma til å blåsa liv i debatten om landsdelsregionar. Venstre har allereie lagt inn eit forslag i Stortinget, der partiet vil ha eit tredje forvaltningsnivå, mellom staten og kommunane, men der desse regionane gjerne skal vera større enn dagens fylke.

– Dei skal ta oppgåver frå staten og ned til regionane. Gjer du det, kan oppgåver frå dagens fylkeskommune bli flytta ned til nye og større kommunar., seier Bjørlo.

Bjørlo, som òg sit i referansegruppa til det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet, ser føre seg at landsdelsregionane han få ansvaret for til dømes helsetenestene, deler av høgare utdanning og samferdsle. Det som då kan flyttast frå regionane og ned til kommunane

– Det som kan flyttast ned er plan-, nærings- og kulturoppgåver. Gjerne også vidaregåande skular om vi får regionar som er store nok, seier Bjørlo.

Tenner ikkje på forslaget

For statssekretær Jardar Jensen er det kommunane som er det viktige å gjera noko med no. Venstre sitt oppspark til ein ny debatt om landsdelsregionar er han lunken til.

– Eg registrerer at det er andre parti på Stortinget som gjerne vil ta den debatten, men vi kjem ikkje til å vera føregangsfigurar på å få den debatten no, seier han.