Må tåle vurdering
– Ein blir ingen kunstnar fordi om ein gir bilete til statsministeren og 'Big Brother'-huset, seier Lyngstad. Det må ligge konkurranse og kvalifisert vurdering bak skal ein bli rekna som kunstnar, meiner leiaren for kunstnarsenteret.
Helge Segrov er ingen kunstnar, meiner leiaren for kunstnarsenteret.
For låg terskel
Terje Lyngstad
At Segrov har fått i oppdrag å utsmykke lobbyen på det største hotellet i fylket, Hotel Alexandra i Loen, forandrar ingenting, meiner Lyngstad. Han meiner terskelen for å kalle seg kunstnar her i fylket er altfor låg. Dette gjer situasjonen verre for dei Lyngstad meiner er ordentlege kunstnarar her i fylket, altså dei som er medlemmer hos Sogn og Fjordane kunstnarsenter.
'Kom heim!'
Debatten om kunstnarar, kunst og ikkje kunst starta måndag, då Fridtjov Urdal gjekk ut i NRK og sa at Sogn og Fjordane er ein dårleg startplass for unge kunstnarar. Han harselerte med politikarar, byråkratar og andre som står på eit skjær og ropar 'Kom heim', 'Kom heim', 'Kom heim!' Dette er stakkarsleg, sa Urdal.
Fridtjov ønskte debatt – og det fekk han!
Brannfakkel
Urdal sa han var interessert i debatt, og det fekk han til gangs. For utspelet fungerte som ein gloheit brannfakkel i fleire leirar. Direktør ved regionalavdelinga i fylkeskommunen, Magne Skaar, var først ute med laber begeistring for Urdal sitt utspel, og meinte dette legg stein til børa for alle som jobbar for å rekruttere ungdom heim til fylket.
– Forsvinn!
Per Svein Reed ba Urdal forsvinne.
Langt meir krass i kritikken var fotograf Per Svein Reed. - Fridtjov Urdal har ingenting å gjere i ei stilling på kunstnarsenteret, sa han til NRK. Kunstnarsenteret sin jobb er å bygge opp eit miljø i eige fylke. Men Urdal kan ikkje stimulere kunstnarar når han formidlar slike haldningar, sa Reed, som meinte Urdal burde forsvinne frå stillinga si, og aller helst ut av fylket.
- Eg har ingenting i mot at unge kunstnarar buset seg i Sogn og Fjordane svarte så debattens opphavsmann, etter at kritikken hadde hagla tett mot han. Men han sto fast på at unge kunstnarar må ut frå fylket for å skaffe seg eit kunstnarisk nettverk, og gjerne kunstutdanning, før dei vender heim.
Treng ikkje utdanning
Fjaler-kunstnar Helge Sægrov klatrar også opp på barrikaden her, og sende denne bodskapen frå Urdal i retur. Sægrov meiner kunstnarar ikkje treng utdanning, og at unge talent her i fylket snarare må få oppfølging frå andre lokale kunstnarar for å utvikle seg. Han meiner kulturformidlar Fridtjov Urdal tek heilt feil når han ber talenta reise ut før dei etablerer seg her, for då risikerer dei å kome heim med halen mellom beina. Segrov meiner vidare at miljøet rundt Sogn og Fjordane kunstnarsenter er småkongar på haugen som vil bestemme over alle som driv med kunst her i fylket. Unge talent blir skremde vekk av eit slikt lite og lukka kunst-miljø, seier han.
Meiningsfeller
Tord Dale er samd med Urdal
Men Fridtjov Urdal har også meiningsfeller. Fylkesleiar i AUF, Tord Dale, sympatiserer med kunstformidlaren når det gjeld påstanden om at unge kunstnarar møter vanskar i Sogn og Fjordane. Dale seier han no vil ta opp saka med styret og fylkestingsgruppa i Arbeiderpartiet.
- Ein må lytte til ein person som Urdal, som kjenner kunstnarmiljøet i fylket godt, meiner AUF-leiaren.