NRK Meny
Normal

Seglbåt måtte slepast til land etter røykutvikling

Den 49 fot lange seglbåten måtte slepast til land etter kraftig røykutvikling i motoren.

Seglbåt mot land etter brann

MOT LAND: Her er seglbåten på veg mot land i Askvoll.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Meldinga frå politiet var dramatisk nok; seglbåt med to personar, kraftig røykutvikling og brann i motor.

Til alt hell synte det seg at det ikkje var brann, men varmgang i motorrommet. Hovudredningssentralen fekk raskt på plass ambulansebåten, som tok seglbåten i slep inn til kaia i Askvoll.

– Dette skjedde ganske tett opptil land og i eit område det vi har greitt med ressursar. Vi har snakka med dei to om bord og dei har tatt situasjonen med fatning, seier redningsleiar Bjørn Jarle Åmlid til NRK.

Hovudredningssentralen opplyser at personane er i god form, men at dei får ein helsesjekk sidan dei har pusta inn litt røyk.

Vegopning på Bergum i Førde kommune