Fekk problem med roret 130 kilometer frå kysten - redningsskøyta måtte hjelpe til

Ein seglbåt med to personar om bord fekk problem på Gullfaksfeltet i Nordsjøen natt til torsdag. Det enda med at redningsskøyta Halfdan Grieg måtte til havs.

Seglbaat i problem i havet ved Gullfaksfeltet

SJÅ VIDEO: Det kunne vorte farleg om roret hadde svikta og ingen var der for å hjelpe. Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg.

Eirik Hildal
Journalist

Hovudredningssentralen fekk meldinga klokka 03.50 natt til torsdag. Seglbåten hadde fått problem med roret.

– Dei høyrde ulydar og var redde for å miste kontroll over båten, seier Geir Anton Semb, skipper på redningsskøyta Halfdan Grieg.

Kunne vorte farleg

Når NRK pratar med Semb torsdag kveld, fortel han at dei er innanskjers like ved øya Kinn heilt vest i Flora kommune. Då seglbåten sende meldinga var han i Nordsjøen, på Gullfaksfeltet, 130 kilometer utanfor norskekysten.

– Dei var urolege for at roret skulle streike. Dei greidde seg for eigen maskin inn, men torde ikkje gå utan hjelp.

For ute på Gullfaksfeltet fekk dei to passasjerane i den 38 fot lange seglbåten også hjelp. Standbyfartyet Stril Merkur passa på.

– Seglinga inn gjorde dei for eigen maskin, men vi var rett i nærleiken heile vegen.

– Var vêret dårleg der ute?

– Ikkje for oss. Men for ein liten seglbåt var det det. Det kunne blitt farleg om roret hadde vorte øydelagd og dei ikkje hadde nokon i nærleiken, seier skipperen.

Ikkje ofte dei får slike oppdrag

Semb seier turen vart ein vanleg dag på jobben. Men akkurat denne typen oppdrag, der båten dei skal redde klarar seg fint sjølv, er ikkje vanlege.

– Nei, det er dei ikkje, men det er ikkje første gong. Det er faktisk veldig bra, for det viser at folk har respekt for havet.

Han fortel dei berre har hatt praktisk kontakt på radio med dei to i seglbåten, og difor ikkje veit om dei kom frå norskekysten eller frå Shetland då problema oppstod. Heller ikkje Hovudredningssentralen har informasjon om kva båten gjorde så langt frå kysten.

– Det vart ikkje veldig stor dramatikk denne gongen, men dei to er nok svært trøytte no, seier skipper på Halfdan Grieg, Geir Anton Semb.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.