Hopp til innhold

Småbåt gjekk på grunn Brandsøysundet

Forskrekka vitne på land ana uråd då båten kom siglande i kraftig vind med slagside.

Båt gjekk på grunn i Flora

PROMILLE: Ein mann i 70-åra er mistenkt for å ha køyrt båt i rusa tilstand i Flora.

Foto: Truls Kleiven

Politiet fekk melding den 25 fot store motorbåten i 1930-tida. Vitne på land reagerte då båten kom siglande med slagside.

I Brandsøysundet utanfor Florø gjekk båten, med ein mann i 70-åra om bord, på grunn. Mannen er heimehøyrande i kommunen.

– Den tok inn vatn, men privatpersonar kom til og fekk mannen i sikkerheit, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Blåste kuling

Båt gjekk på grunn i Flora

RYKTE UT: Ambulansebåten lyser etter havaristen.

Foto: Truls Kleiven

Hendingsforlaupet er for politiet noko uklart, men mannen hadde truleg sin grunn til å ikkje melde frå om problema.

Det blåste mellom stiv og sterk kuling i området.

– Mannen vart teken hand om av helsepersonell og er etter det vi kjenner til ikkje skadd. Han er for så vidt teken hand om av oss også, ettersom han vil vere mistenkt for å ha ført båten i rusa tilstand. I alle fall til vi har fått teke blodprøve av han, seier Drange.

Blir ståande

Båten står godt på grunn, med bakparten ned i sjøen. Etter det NRK kjenner til vil båten bli ståande på grunn til det blir lyst.

– Den har brannvesenet gitt seg på. Må inn med dykkarar og anna utstyr enn det brannvesenet har, får NRK.no opplyst ved Brannalarmsentralen.