Hopp til innhold

Scora sitt første hat-trick på fem år

– Det er lenge sidan eg har gjort dette, seier Elise Thorsnes etter at ho for alvor opna målkontoen hos australske Canberra United.

Elise Thorsnes, Avaldsnes

HAT-TRICK: Elise Thorsnes avslutta Avaldsnes-opphaldet med cupgull før ho reiste til Australia. I sin femte kamp med Canberra United opna ho scoringskontoen med eit etter kvart sjeldan hat-trick.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Etter fire mållause kampar sette landslagsspelaren frå Leikanger inn tre mål då Adelaide United vart slått 6–1 søndag.

Sist Elise Thorsnes gjorde det, var i september 2013 då ho som Stabæk-spelar scora tre mål borte mot Kattem i Toppserien.

– Det var herleg å score tre mål, seier Elise Thorsnes i ei melding til NRK.

Blir flytta opp

Ei veke etter cupgullet med Avaldsnes, entra 29-åringen fotballbana som Canberra-spelar 25. november i fjor. Debuten enda med null mål, men full poengpott. Sidan har det gått trått for fjorårets seriemeistrar i Australia.

Etter tre tunge kampar, opna dei nyåret med braksiger heime mot tabelljumboen i går. Då med Thorsnes som kantspelar. To mål med venstrefoten og eit høgreskot i vinkelen opna scoringskontoen.

– Eg har spelt ein del forsvar, men no ser det ut som eg får spele kant framover, skriv landslagsbacken til NRK.

Flyttar truleg vidare

Med fem kampar att av den knapt tre månader lange sesongen, har Canberra framleis håp om medalje. Avstanden til Sydney og Newcastle Jets på bronse- og sølvplass, er høvesvis fire og fem poeng. Thorsnes & co. har ein kamp til gode. Blant desse nemnde Newcastle Jets og serieleiar Brisbane Roar.

Med tilbod frå klubbar i Kina, England og Sverige, har NRK grunn til å tru at landslagsspelaren er klar for nye utfordringar når serien er over i februar.

– Eg veit framleis ikkje kva som skjer, seier Thorsnes.