Hopp til innhold

Scheie trur Florø kan bli oskeladd

Kan Florø stå for nok ei cupbombe når dei tek i mot raudkledde Brann i kystbyen i kveld? Fotballekspert, Arne Scheie, trur Florø fort kan bli ein oskeladd i årets cup.

Arne Scheie

OSKELADD: Arne Scheie let seg imponere over Florø i første runde av NM-cupen og ser ikkje vekk frå at dei kan slå til med nok ei cupbombe.

Foto: Torkel Holmø

– Dei kan fort bli det, seier Scheie.

Den erfarne sportskommentatoren er mektig imponert over prestasjonen til det unge laget frå kystbyen. Ikkje nok med at dei trakk det lengste strået mot Sogndal, dei vann også overbevisande med 3-0.

I kveld tek florøværingane i mot Brann, og Scheie trur det kan bli ein jamn kamp, som til slutt kan gå i favør Florø.

– Vi veit at det kjem overraskingar i andre runde, seier NRK sin fotballekspert.

Historia talar ikkje til Brann sin fordel

Arne Scheie seier historia og statistikken ikkje nødvendigvis er hyggjeleg for Brann sin del. Det er berre to år sidan Brann rauk ut av NM-cupen då veslebror Fyllingen slo dei med eitt mål.

– Brann har også ein tendens til å gjere det dårleg året etter at dei har vore i finale, slik dei altså var i fjor, seier Scheie.

I fjor tapte Brann cupfinalen mot Ålesund 1-2, og dersom historia frå 88 gjentek seg kan det blir tap også i kveld, seier Scheie.

– Året etter, i 1989, blei Brann slått i annen runde, då av eit lag som var på tredje nivå, seier Scheie og legg til:

– Så dersom vi brukar historia og statistikken så kan den absolutt brukast i favør av Florø.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Florø gledar seg til Brann

Mange trur på nok ei cupbombe

I Florø er det cupfeber etter at unggutane sjokkerte alle då dei slo ut eliteserielaget Sogndal i første runde. Florø-trenar Terje Rognsø er spent før dagens oppgjer, og seier det er mange som har høge forventningar.

– Mot Sogndal håpar folk på ei cupbombe. Etter det som skjedde trur faktisk ein del at det kan skje igjen mot Brann, seier Rognsø til NRK.no.

– Storlaga undervurderer motstandarane

Scheie seier det er ein tendens til at laga som spelar på høgare nivår tek lett på motstandarane sine tidleg i cupen, noko det finst mange eksempel på at ikkje var så veldig lurt.

– Storlaga vil ikkje vedgå det, men dei har ein tendens til å undervurdere lag dei møter tidleg. Samtidig så har vi dei siste tre åra sett at lag frå både tredje og andre divisjon har næma seg.

– Dermed ligg det moglegheiter for at dei mindre klubbane kan gjere det godt i årets cup, og då bli ein slags oskeladd, seier Scheie.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spelarane på 3. divisjonslaget Florø

ELLEVIL STEMNING: Publikum og spelarar var i ekstase etter at sigeren var eit faktum.

Foto: Alf Vidar Snæland

Kan avgjerast på straffe

Han vil ikkje tippe på noko resultat, men ekspertkommentatoren trur dei som får med seg kampen kan bu seg på minst 90 nervepirrande minutt.

– Eg trur det blir jamt. Det kan fort gå til ekstraomgangar, og til og med til straffekonkurranse, seier Scheie.

Sender kampen direkte på nett

Dersom du ikkje er blant dei som skal på Florø stadion for å følgje oppgjeret live, kan du sjå kampen på nett-TV. NRK Sogn og Fjordane sender direkte frå kampstart klokka 18.

Det blir ein enkel produksjon med kamera.

– Men kampen blir kommentert. Vi vel å satse litt på denne kampen både fordi vi reknar med å nå eit stort publikum i Bergen, men også fordi Florø gjennom nedsablinga av Sogndal i 1. runde har vist at dei er kapable til å hamle opp med eit eliteserielag, seier NRK-reporter Arve Uglum som skal kommentere kampen.