Hopp til innhold

Schæfer beit politikvinne

Ein hund på tur med tyske eigarar gjekk til åttak både på ei sju år gamal jente, og lensmannen i Stryn.

Illustrasjonsfoto
Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Ein tysk familie hadde med seg schæferen sin då dei vitja ein campingplass i Stryn. Denne sleit seg igår frå bandet sitt, og gjekk til åttak på ei sju år gamal jente frå Nordfjord.

Jenta fekk to bitt i rompa som gjekk gjennom huda,. Ho måtte til sjukehus, kvar ho fekk antibiotika og stivkrampesprøyte. Foreldra til jenta har no meldt forholdet.

Lensmannen biten

Då politiet kom til staden for å undersøkje forholdet vart òg lensmann Inger Lill Lanes biten av hunden.

- Eg ba om å få sjå på hunden, som då befann seg inne i bubilen. Hunden kom ut, den bjeffa litt og verka aggressiv. Eigaren haldt den fast. Eg har mykje erfaring med hund, og tenkte eg skulle helse på den. Deretter prata vi litt til, men plutseleg, medan vi sto heilt i ro, sprang den bort og beit meg i låret, seier Lanes.

Uprovosert

Lanes fortel vidare at hunden etter å ha slete seg frå bandet sette på sprang rett mot den sju år gamle jenta.

Dei tyske turistane var inne til avhøyr torsdag føremiddag. Det er òg teke ei avgjerd på at hunden vert avliva.

Høyr reportasje: Biten av hund