Statsministeren kom sjølv med meldinga i dag om at regjeringa løyver 35 nye millionar til etableringa av fabrikken ScanWafer i Årdal. Tidlegare er det løyvd 70 mill kr til etableringa gjennom Innovasjon Norge.
SIVA byggjer
Bjørseth ser det som viktig at det no blir gitt vesentleg meir støtte til etableringa, og at SIVA tek ansvar for bygget. Han tek likevel atterhald om at dei må kontrollrekne tala som vart lagt fram i dag.
ScanWafer-tomta i Årdal. NRK-foto.
– Vi kjem ikkje til å nøle no når vi har fått desse tinga på plass, men vi må studere vilkåra for tilskot og lån før vi trykker på den store grøne startknappen, seier Bjørseth.
250 arbeidsplassar
Den nye fabrikken i Årdal vil etter planen sysselsette 250 tilsette. ScanWafer har i dag fabrikkar på Herøya og i Glomfjord. Selskapet er i dag ein av verdas største leverandørar til solenergiindustrien.