Styreleiar i ScanWafer, Alf Bjørseth seier til Sogn Avis i dag at selskapet er klar til å byggja ein storfabrikk med 250 arbeidsplassar i Årdal. Fabrikken kjem på 1,5 milliardar kroner, og skal produserer deler til solcellepanel. Bjørseth stiller berre eitt krav, og det er at det statlege tilskotet på 105 millionar kroner overlever salderinga av statsbudsjettet. Og det gjer det etter alle solemerke. I så fall vil produksjonen vere i gang i løpet av hausten 2006.
Styreleiar Alf Bjørseth har eitt krav før bygginga tek til.
Mest pengar frå Hydro
Den største pengepotten kjem ikkje frå Staten, men frå Hydro. Dei kjem til å spytta inn rundt 200 millionar. Hydro skal fjerne om lag 200 arbeidsplassar i Årdal innan 1. april 2005.
Når dei reduserer i Årdal, så kostar det dei 800.000 til 1.000.000 kroner per tilsett i sluttpakkar. Desse pengane - i alle fall ein stor del - blir truleg gjort om til rein sysselsetting i ScanWafer.