Hopp til innhold

Saumfer vraket for å finne årsaka til dramatisk tunnelbrann

Her prøver ekspertar å finne ut kvifor feiebilen tok fyr i Fjærlandstunnelen. 13 menneske blei frakta til sjukehus etter brannen.

Undersøker bilen som brann i Fjærlandstunnelen

VANSKELEG ARBEID: Vraket av feiebilen er utbrent, men ekspertane saumfer det på jakt etter brannårsaka.

Foto: Politiet

Regionlensmann Arne Johannessen i Sogn seier at det er politiet i Sunnfjord som har ansvaret for etterforskinga, men at dei branntekniske undersøkingane blir gjennomført i Sogndal i samarbeid med folk frå Statens vegvesen og Statens havarikommisjon for transport.

– Vår kriminalteknikar og dei andre ekspertane held på i dag og jobbar med dette køyretøyet. Vi har ein total gjennomgang av det, der vi ser på det tekniske. Noko meir enn det kan eg ikkje seie.

Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn

– KREVJANDE: Regionlensmann Arne Johannessen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– I verste fall får vi aldri svar

– Når vi veit kor varmt det har vore under brannen, kor lett er det å finne brannårsaka?

– Det er heilt sikkert krevjande, eg veit enno ikkje om det er råd i det heile. Det er veldig utbrent, og det har vore veldig sterk varme, så det får vi vente med til ekspertane er ferdige. I beste fall får vi eit svar, i verste fall får vi aldri vite brannårsaka.

Rolf Mellum i Statens havarikommisjon for transport seierat dei har undersøkt mange liknande tilfelle dei siste åra.

– Vi leitar etter ting som kan gi oss endå meir læring. Vi har valt å sjå nærare på køyretøyet og brannårsak, knytt opp mot tidlegare undersøkingar.

Det er enno ikkje avgjort om havarikommisjonen skal lage ein eigen rapport om brannen i Fjærlandstunnelen.

– Det er det for tidleg å seie noko om, vi må få inn meir informasjon.

To år gamal bil

Det var seint måndag kveld det tok til å brenne i feiebilen, som då var om lag ein kilometer inne i Fjærlandstunnelen frå Jølster-sida. Samstundes var ei kolonne med bilar på veg inn i tunnelen. I alt 13 menneske måtte berge seg ut av den røykfylte tunnelen, nokre av die måtte hentast ut av røykdykkarar

Feiebilen er eigd av selskapet Asfalt Remix og var berre to år gamal. Det var ein Scania R 580. Driftsleiar Eyvind Brynildsen i selskaqpetsa tysdag til NRK at bilen hadde det mest moderne utstyret. Han ville ikkje spekulere i kva som kan vere årsaka til brannen.