NRK Meny
Normal

Sauesankar stod skorfast – vart redda av helikopter

Den mannlege sauesankaren som gjekk seg skorfast i fjellet Styggebotn i Sogndal, er berga ned.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi fekk melding klokka 12.54 om at ein mann hadde gått seg skorfast i fjellet i Styggebotn i Sogndal, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Vel to timar seinare melde Hovudredningssentralen på Sola at mannen var berga ned med eit redningshelikopter frå 330-skvadronen i Florø.

– Han var uskadd og ville gå vidare saman med kameraten sin, opplyser politiet.

Står fast på 1100 meter

– Han har berre hamna på ein stad han ikkje kjem seg vekk frå utan hjelp, sa Holme.

Mannen står fast på om lag 1100 meters høgde. Det var ein annan sauesankar som melde frå til politiet om at mannen trengde hjelp.

– Vi har ikkje hatt kontakt med den skorfaste. Men ein kar som var med han har kontakt med han på sambandsradio, og slik fekk han vite at mannen trengde hjelp, opplyste Holme.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.