Hopp til innhold

Sauer er ålreite dyr, men fyller opp norske fjøs

FØRDE (NRK): Det er stor overproduksjon av sau- og lammekjøt i Noreg, samstundes manglar det 13.000 tonn med storfekjøt i år. No frårår til og med bondelaget å satse på sau.

Sauer2

OVERFLOD: Det vert stadig meir sau i Noreg. No er det så mange at det vert produsert for mykje lammekjøt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette er berre byrjinga. Stadig fleire satsar på sau her i landet, og overskotet kjem berre til å vekse, seier Anders Felde som er leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Anders Felde med Byrkjelo i bakgrunnen

VIL HA FLEIRE KYR: Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag vil ikkje tilrå nokon å satse på sau nett no. Han seier dei heller bør vurdere ammekyr

Foto: Rune Fossum / NRK

Norske fryselager er stappfulle av saue- og lammekjøt, og dei vert fullare for kvar månad. Vi har fått mange nye sauebønder i Noreg dei siste åra, men et ikkje noko særleg meir sauekjøt. Resultatet er overproduksjon.

No ligg nesten to tusen tonn med saue- og lammekjøt lagra på norske fryselager. Samstundes melder Nortura om at det er stor manko på storfekjøt.

Trur veksten vil halde fram

– Med den veksten som er, vil nok dette halde fram. For sauebønder som vil utvide, eller for folk som vil starte med sau, vil nok vi heller tilråde å vurdere kyr, seier Felde.

Er det for mange sauebønder?

– Det er kanskje ikkje for mange, men dei produserer veldig mykje no. Vi treng i alle fall ikkje mange fleire som satsar på sau framover.

– Det er eit fint liv å vere sauebonde

Martin Braanaas Kleppe (28) har bygd på fjøsen sin og satsar stort på sauedrift på Åsane i Førde. Han seier at det er eit fint å vere sauebonde, og han er ikkje samd i at bønder ikkje bør satse på sau.

Sauebonde

FINT LIV: Martin Braanaas Kleppe tykkjer det er fint å vere sauebonde. Han seier at arbeidsdagen vert litt friare enn om han skulle ha satsa på kyr i staden.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er berre bra at det vert produsert mykje lammekjøt, tidlegare har jo alltid problemet vore at det har vorte produsert for lite.

Kleppe tykkjer sauekjøt er det beste ein kan få og at ein heller bør fokusere på å få folk til å ete meir sau, enn å fråråde bønder å satse.

– Vi nordmenn et jo nesten berre sau til jul, påske og når ein et fårikål. Kanskje bør ein prøve å få folk til å ete meir sau resten av året.

Spelsau

GAMAL SAU: Martin Braanaas Kleppe satsar på fleire ulike sauerasar. Han meiner bestemt at desse fleirfarga sauene er dei smartaste dyra han har

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Trur regjeringa har skulda

Felde i bondelaget trur ubalansen mellom sauekjøt og storfekjøt må sjåast i samanheng med regjeringa sin landbrukspolitikk og deira iver etter å få større gardsbruk.

– Skal det løne seg med ammekyr lyt ein gjerne ha 50 dyr, og det er veldig vanskeleg å få til mange plassar. Det vi treng for å få meir storfekjøt er at det løner seg med mindre gardsbruk, slik at vi kan få til ein målretta satsing på storfekjøt også på vestlandet og i Nord-Norge.

Landbruksminister Jon Georg Dale

NØGD: Landbruksminister Jon Georg Dale er nøgd med den store produksjonen av lammekjøt, og seier at det er takka vere regjeringa sin politikk

Foto: NRK

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) seier dette er ein alt for enkel analyse.

– Den plassen i landet storfeproduksjonen aukar mest, er jo på mellomstore bruk i Valdres, så dette vert for enkelt.

Dale seier at overproduksjonen av lammekjøt er eit resultat av at regjeringa har satsa på sauebøndene, og at det kjem til å jamne seg ut over tid.