Hopp til innhold

Sauer drepne av jerv rekordtidleg

I løpet av dei to siste dagane er det funne tre sauekadaver i Guridalen ved Fortun i Luster som er drepne av jerv.

Sau drepen av jerv
Foto: Statens naturoppsyn.

I tillegg har jerven truleg stått bak enno eit kadaver. Fjelloppsynsmann Einar Fortun seier at jerven i år har drepe sauer rekordtidleg.

- Det er uvanleg tidleg dette året, normalt byrjar den ikkje å ta sauer før i august, seier han.

Trur jerven vil ta mange

Sauekadavera som er funne i Guridalen er truleg tre eller fire dagar gamle. Fortun skal altså opp å sjå på eit fjerde kadaver i dag, men det er all grunn til å tru at også det er drepe av jerv. Med rovdyret så tidleg i fjellet trur Fortun langt fleire sauer vil bli drepne.

- Fortvilande

Dei siste åra har bøndene i området sett i verk fleire tiltak for å verne seg mot jerven. Men no ser bonde Steinar Mørkrid med frykt på kva han har i vente.

- Det er fortvilande for oss. Vi har flotte beiteområde og det er trist at sauene ikkje kan få gå i fred. Det går feil veg med jerveproblemet, seier han.

Søkjer om fellingsløyve

Truleg er det minst to jervar som har vore på ferde. No har bøndene kontakta fylkesmiljøvernsjefen i håp om å få fellingsløyve, men Mørkrid trur jakta blir vanskeleg.

- Det er veldig vanskeleg. Det er flaks viss ein greier å avlive jerven, seier han.

Også gaupe på ferde

Og fleire rovdyr herjar i same kommune. Fjelloppsynsmann Einar Fortun var på Indre Hafslo i går. Der vart det konstatert at eit sauekadaver som vart funne er drepen av ei gaupe.

 

Sau drepen av jerv
Foto: Statens naturoppsyn