Hopp til innhold

Har funne fem nye kadaver i helga - no rømmer sauene fjellet

I løpet av helga er det funne fem nye sauekadaver i fjella mellom Årdal og Lærdal. Uroa i fjellet får no sauene til å trekkje ned att av seg sjølv.

Jervedrepe lam

DAUD: Her er eitt av lamma som bøndene i Naddvik beitelag har funne drepe i fjellområdet mellom Lærdal og Årdal.

Foto: Ole Bjarne Hovland

– Eg høyrer sauebjøllene, så dei er på veg ned til tunet, seier Ole Bjarne Hovland, sauebonde og leiar i Naddvik beitelag i Årdal.

Han er ikkje overraska over at sauene set nasen heimover.

– Sauene er urolege, det har dei for så vidt vore heile sommaren. Det er vel nokon av dei som finn ut at «nok er nok», og vil heim att, seier Hovland, som tek sikte på å tilby dei det han har av beite i låglandet.

Har runda 82 kadaver

Sidan jerven starta herjingane første veka i juli, har ein jamt og trutt komme over kadaver. Denne helga vart ikkje noko unnatak.

– Vi har registrert fem nye kadaver i fjellområdet i Årdal/Lærdal i løpet av helga, seier rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.

Dermed er det førebels totale talet på jervedrepne sauer og lam i området til Naddvik beitelag oppe i 82. På vel 60 av beista er dokumentasjonen klar på at det er jerven som har vore på ferde.

Men einskilde av dyra er så oppetne av åtseldyr at det ikkje er råd å seie heilt sikkert.

Golf er likevel rimeleg klar på at det nok er jerven som må ta skulda for desse også.

– Nokon er så oppetne at vi ikkje klarar å finne dødsårsak, men dei er funne i same område som dei andre, så det er god grunn til å tru at dei også er tekne av jerv, seier Golf.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drepen sau

GØYMER BYTTET: Jerven gøymer byttet både i snøbrear, steinurar, bekkar og myrhol. Her eit kadaver som vart funne i ei elv.

Foto: Ole Bjarne Hovland

Kjennest både tungt og trassig

– Det er ein endelaus tragedie for oss i beitelaget. Det kjennest ikkje godt. Men det skal bli godt å få sauene heim att, så har vi iallfall fått litt kontroll på problemet, seier Ole Bjarne Hovland i beitelaget i Naddvik.

Hovudsankinga er framskunda til helga 6. og 7. september.

– Det avheng litt av kor mange sankarar vi får med oss, men vi sankar med det mannskapet vi får tak i, seier Hovland.

Men knappe to veker er nok til at jerven kan ta mange fleire sauer og lam.

Trass i at det er funne over 80 kadaver, trur bøndene i Naddvik beitelag at tapstala vert mykje større.

Men kor store, torer ikkje Hovland spekulere i.

– Det har vi ingen tal på. Men når vi går tilsynsrundar, så ser vi at det er mykje sauer som går utan lam. Det er fortvilande å sjå. Det er nok eit stort tap, men nøyaktig kor mykje veit vi ikkje før sankinga, seier Hovland.

Vert langt verre enn verstingåret

At det vert verre enn i stortapsåret 2006, er han likevel klar på. Den gongen vart det totale tapet tre gonger så høgt som talet på registrerte kadaver.

– Då hadde vi 35 registrerte, og hamna til slutt 152 lam. I år har vi snart registrert 100, så det ser veldig ille ut, seier Hovland.

Han legg ikkje skjul på at det røyner på for sauebøndene i området. Å finne daude dyr omtrent kvar gong dei er i området, er ei påkjenning.

– Det er frustrerande. Vi føler at det ikkje er noko vi får gjort med problemet. Fellingslaget har gjort ein kjempejobb og har hatt folk her sidan 10. juli, seier Hovland.

Kadavera er funne overalt i heile fjellområdet mellom Årdal og Lærdal.

– Dei fleste er funne på Årdal-sida av fjellområdet, og det er ut som at jerven går i ei rute der. Så treffer han på sau, og så blir han trigga og drep dei, seier Golf.

(Artikkelen held fram under biletet)

Daud sau

ÅTSELETAR: Jerven er ein åtseletar, og drep andre dyr for å hamstre mat til dårlegare tider. Her ein av sauene som er funne i fjellområdet mellom Lærdal og Årdal.

Foto: Ole Bjarne Hovland

Hamstrar til vinteren

Trass i dei store tapa er det heilt umogleg å seie noko om det er éin eller fleire jervar som er på ferde.

– Det klarar vi ikkje seie. Men det kan godt vere berre ein, sjølv om vi ikkje kan sjå bort frå at det er to, seier Golf.

Normalt sett er det på denne tida jerven pleier å drepe sauer. Jerven eller jervane i fjella mellom Årdal og Lærdal har i så måte oppført seg litt mot normalt.

– Det er eit veldig stort tal, og jerven byrja veldig tidleg. Men ein jerv kan ta veldig mange dyr i eit fjellområde, så heilt uvanleg er det ikkje, seier Golf.

Jerven har det med å hamstre, og drep sauer og lam og gøymer dei, både i elvar og under steinar og i holer.

– Han er eit mårdyr som driv og hamstrar. På seinsommaren og hausten ser vi det spesielt. Han et veldig lite av dette, han drep dei berre, seier Golf.

Har ikkje sett snurten av jerven

Fylkesmannen utvida perioden for skadefellingsløyve på jerv i Lærdal og Årdal til 9. september, det vil seie fram til den ordinære lisensjakta startar.

Bakgrunnen for utvidinga er framleis tap av sau i beiteområdet og vidare potensial for større tap.

Reinsdyrjakta tok til 20. september, og i samband med det er det opna for at dei villreinjegerane som ønskjer det kan felle jerv på skadefellingsløyvet.

Det har vore reinjegerar i området sidan førre veke då villreinjakta starta. Dei har sett mykje rein. Men jerven har dei ikkje sett snurten av.

– Vi har ikkje fått melding om at nokon har sett han, seier Golf.

Ein skulle kanskje tru stor trafikk av jegerar i fjellet fekk jerven til å halde seg litt meir unna, men slik fungerer det ikkje.

– Vi har registrert ganske ferske kadaver som mest truleg er drepne etter at reinsjakta starta og mange jegerar har vore i fjellet. Jerven har god kontroll. Han er aktiv om natta og då har han god kontroll på kor folk er, seier Golf.