Hopp til innhold

Sauefjøset vart omgjort til bokfjøs

– Det er viktig for meg at bøkene ikkje skal koste så mykje. Alle lommebøker skal ha råd til ei bok her, seier Fransisca Broeils.

Sisca Broeils startar bokfjøs

LES: I dette fjøset stod ein gong sauer og brekte, no er det lesero i floren.

Foto: Åsta Urdal / nrk

Broeils er ein av dei 34 fast busette på øya Hovden i Flora, ho bur der vegen ikkje går lenger. Og nettopp der ville ho sette ideen ho har bore på i fleire år, ut i livet; eit bokfjøs.

– Eg kombinerer to interessefelt. Eg likar ikkje at bygningar står tomme, og eg elskar bøker.

Det vesle fjøset på nabogarden stod i lengre tid ubrukt, men no er det fylt med nye historier. Overalt, i trapper, trau og kasser står og ligg bøker i eit mangfald som liknar eit bibliotek eller ein bokhandel. Og akkurat slik vil Sisca, som ho kallar seg, at det skal vere.

Billege bøker

– Vi har ikkje bibliotek her på øya, så eg ynskjer at vi som bur her kan bruke bokfjøset slik. Og dei som er på besøk kan få kjøpe bøkene. Det viktigaste er at bøkene er i omløp.

Hint til journalisten?

HINT? Ein tittel eller to går rett heim hos journalisten.

Foto: Åsta Urdal / Nrk

Med prisar frå tikroningen til femtilappen, skal dei donerte bøkene skifte eigar, også om det er snakk om samleobjekt.

– Ein skal få kjenne den gleda av å kunne ta med seg ei bok ein har leita lenge etter, seier Sisca.

Pengane ho får inn går til straum og slikt, og om det vert overskot går det til vedlikehald. Det viktigaste er å gjere noko kjekt.

Med erfaring frå bokhandel i fødelandet Nederland har Sisca kategorisert bøkene ho har fått inn frå kjende og ukjende i Oslo, Bergen, Florø og elles. Her er ei avdeling for barnebøker, framandspråklege bøker og kokebøker. I den sistnemnde avdelinga går det unna.

Kokebøker

VARME KVEITEBOLLAR: I fjøset går kokebøkene unna.

Foto: Åsta URdal / NRK

– Eg har fleire uopna kassar, og der håpar eg det ligg kokebøker, for dei er veldig populære.

Større planar

Medan NRK er på vitjing kjem eit vandrarfølge på fem damer innom. Dei har gått tur langs Nordsjøløypa som endar, eller startar, ved nettopp bokfjøset.

– Dette hadde vi ikkje venta å møte langt ute på ei øy, seier damene før dei følgjer auga innover i bygget langs mjølkespann og bokryggar.

Else Ouren går derifrå med fangst; på framsida av ei bok fann ho kyrkja der ho både konfirmerte og gifta seg, så den måtte bli med heim.

Eigentleg hadde ikkje Sisca tenkt å opne fjøset heilt enno, men det var så mange som spurde etter det, så då vart det likevel opning. Teposane, kaffien og gjesteboka står klar på bordet og vitnar om besøk.

– Folk kan komme litt som dei vil. Folk er greie, eg trur dei held orden sjølv om eg ikkje er her. Det einaste eg stenger av er der eg sel handverk og kunstkort frå. Men til neste sommar skal eg vere her kvar dag!

Familien Skaugum
Foto: Åsta Urdal / Nrk