Saueeigar forbanna etter at laushund braste inn i 100 sauer

Frå 1. april til 20. august er det generell bandtvang i heile landet. Sauebonde Johannes Mundal opplevde likevel at ein stor hund sprang rett i og skremde dei 100 sauene som var på veg til støylen.

Saueflokken til Johannes Mundal på tur. I dag kom ein laushund inn i følgjet.

STØYLEN: Sauene til Johannes Mundal skulle gå til støylen i Mundal. Dagens flytting vart ikkje slik sauebonden hadde tenkt. (Biletet er teke ved ei tidlegare flytting).

Foto: Privat

– Vi var komne halvvegs til støylen, i beiteområdet, så kom laushunden plutseleg springande midt inn i flokken. Eg sprang rett mot han og skreik, og fekk hunden til å snu. Eigaren klarte ikkje å kalle hunden inn att, seier sauebonde Johannes Mundal om hendinga i Fjærland søndag.

Nær 100 sauer og lam var på veg mot heimestøylen i Mundal. Sauebonden har også tidlegare opplevd at laushundar har skremt opp sauer. Ingen av dyra kom til skade i hendingane i dag.

Johannes Mundal er oppgitt over at folk ikkje overheld bandtvangen for hund.

OPPGITT: Sauebonden trur ikkje alltid hundeeigarar forstår kva konsekvensar det kan få å bryte bandtvangen for hundar.

Foto: Privat

Kan få fatale konsekvensar

– Eg syns det er uansvarleg oppførsel i grunn, og blir oppgitt over at folk ikkje bryr seg om norsk lov. Eg har snakka til folk med laushund før, og nokre blir sinte og seier at hunden er heilt sauetrygg.

Han er klar på at det ikkje betyr at sauene er trygge på hunden.

– Dei kan sprenge sauene, for blir dei jaga kan dei springe til dei dør, seier Mundal.

Då han hadde fått orden på saueflokken sin igjen, tok han også att hundeeigaren.

– Det er ikkje så ofte eg er sint, men det var eg i dag, og eg trur dei skjønte alvoret.

– Burde tenke gjennom konsekvensane

Ole Tom Nord ved politiet sin operasjonssentral seier at dei med jamne mellomrom får inn liknande meldingar. Hundar skal gå i band mellom 1. april til 20. august, og hundeeigarane kan bli straffa om dette ikkje skjer.

Ole Tom Nord, operasjonsleiar i Florø

ULOVLEG: Ole Tom Nord i politiet ber folk tenkje seg om før dei slepp laus hunden.

Foto: Privat

– Vi kan gje bot, ein kan bli erstatningspliktig overfor bonden og i verste fall kan hunden bli avliva, seier Nord.

Han legg til at det er grunn til å vere ekstra varsam i desse dagar, då det er midt i kalvetida for hjortevilt.

– Blir ei kolle som nyleg er blitt mor skremd, så tek ho ikkje med seg kalven. Den har fått beskjed av mor si om å ligge i ro til ho er tilbake, og då blir den liggande att. Dermed er kalven eit lett bytte. Dette bør folk tenkje på, utdjupar han.