Hopp til innhold

Sauebøndene i Sogn melder om få rovdyrskadar

Så langt tyder mykje på at det blir eit år med svært få rovdyrskadar i Sogn.

Sauesanking

SAUESANKING: Liastølen over Nadvik i Årdal.

Foto: Jonny Asperheim

– Det ser veldig bra ut. I vårt område i Naddvik har vi ikkje funne sauer som er tekne av rovdyr, seier Ole Bjarne Hovland. Kvart å slepper han 400 sauer på beite, i år kan det sjå ut til at han også kan få nesten alle heim igjen.

For to år sidan var situasjonen heilt annleis, då miste Hovland 60 dyr, og naboen over 100 lam.

2014 var ein katastrofesommer for oss , men i ettertid har det vorte rydde opp, seier Hovland.

Jervejakt

Før beitesesongen i år vart det skote tre jervar i fjella i Sogn . Det er truleg forklaringa på at sauenæringa så langt ser ut til sleppe dei store rovdyrskadane i år.

– Det er lenge sidan vi har vore ute for å sjå på så få rovdyrskadar som i år, seier Rein Arne Golf, som er rovviltkontakt i Statens naturoppsyn.

Sauesanking

HAR FÅTT GÅ I FRED: I sommar har ikkje jerven skapt problem for sauene som har gått på beite i Årdals-fjella.

Foto: Jonny Asperheim

Sjølv om sankinga så langt ser ut til å gå bra med omsyn til rovdyrskadar, står enno att viktige beiteområde for sau, blant anna i Luster. Der skal dei først ha hovudsankinga av sauer komande helg. Der har dei tidlegare hatt store problem med jerv.

– Når det er færre jervar i området så blir det færre skadar. Men det er nok framleis jerv i området, om enn meir sporadisk. Og til no har vi ikkje funne skadar etter dei, seier Golf.

Joacim Beichmann

SAUEGJETAR: Joacim Beichmann har tilbrakt sommaren i fjella i Årdal.

Foto: Ole Bjarne Hovland

Eigen gjetar

I Naddvik i Årdal har Hovland i sommar hatt eigen gjetar, som har sett etter sauene på beite. Han trur likevel ikkje det har hatt så mykje å seie for at dei no opplever færre rovdyrskadar.

– Nei, han ser meir etter dyr som kanskje ikkje har det bra av andre grunnar. Når det gjeld rovdyrskadar så er det jobben som vert gjort om vinteren som er viktigast.

Til helga skal han på ettersanking, for framleis manglar han 10 søyer og 27 lam, men han reknar med å finne dei aller fleste.

– Det er vanskeleg å rekke over alle holer og urer første helga, men mange har meldt frå om at dei har sett sauer, og no er det også fint vêr for sauesanking, seier Hovland.