Hopp til innhold

Sau tatt av ulv

Ein sau er drepen av ulv i Hyllestad. Det opplyser Statens naturoppsyn til avisa Firda. Sauen gjekk på beite i nærleiken av garden på Solås i Åfjorddalen. Rovviltansvarleg Rein Arne Golf seier at dei er heilt sikre på at ein ulv har drepe sauen. Han fryktar at ulven vil gjere mykje skade i sommar.

Sau tatt av ulv i Hyllestad
Foto: Sverre Sæten / Statens Naturoppsyn