Vigleik Skeie i Mattilsynet seier geitene må slaktast sjølv om dei truleg er friske.
Tek ingen sjansar
I vår blei det klart at bøndene skal sleppe å slakte alle sauene om det vart påvist NOR98 i buskapen. Grunnen til dette er at smittefaren er mykje mindre enn ved den klassiske skrapesjuka. Men finst det geiter på garden, må dei slaktast uansett. Då det blei påvist NOR98 på ein sau i Askvoll i vår, vart alle geitene på garden slakta. Fordi geitene er så mottakelege, tek ein ingen sjansar.
Slaktar det sjuke dyret
Vert det påvist NOR98, treng ein i utgangspunktet berre å slakte det sjuke dyret, mora og eventuelle søsken. Det seier fylkesagronom Bjørn Harald Haugsvær.
Likevel måtte bonden i Askvoll slakte nesten 60 sauer i tillegg til alle geitene. Grunnen til dette er at alle dyra med ein særleg mottakeleg gentype også må bøte med livet.