NRK Meny
Normal

Satsing på kortreist mat gav pris

Matstova AS er tildelt Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sin Bedriftsutviklingspris for landbruket for 2017.

Matstova AS og Jenny Følling

PRISVINNARAR: Fylkesordførar Jenny Følling overrekte prisen til Merethe Guddal (f.v.), grunnleggjar Ruth Guddal og Frank Guddal. Til høgre fylkestingsrepresentant Jakob André Sandal (SV).

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Innovasjon Norge meiner Matstova på Fosnes i Oppstryn er eit føregangsdøme når det gjeld utvikling og satsing på kortreist mat.

Matstova AS

MATSTOVA: Bedrifta har i dag vakse til 16 tilsette.

– Prisvinnaren har vokse mykje dei siste åra og har vorte ein betydeleg arbeidsplass lokalt, der neste generasjon i familien no har overteke og vidarefører det som grunnleggjaren, Ruth Guddal, har bygd opp, skriv direktør Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland.

Sauebonde

Bedrifta har i dag 16 tilsette fordelt på ni årsverk.

– Ruth Guddal har, med utgangspunkt i ein gard med sauehald, over mange år bygd opp eit spennande bakeri som tilleggsnæring til garden, med produksjons- og serveringsverksemd, skriv Flatland.

Prisen er på 50.000 kroner over delt ut under opninga av fylkestinget i Florø i dag.

Trafikkpris til Årdal

Trafikktryggleikspris på fylkestinget til Årdal. Jenny Følling, Aleksander Øren Heen, Noralv Distad

TRAFIKKSIKKER: Kommunestyrerepresentant Aleksander Øren Heen tok imot prisen på vegner av Årdal kommune. Prisen vart overrekt av fylkesordførar Jenny Følling og leiar i trafikktryggingsutvalet, Noralv Distad.

Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad

Den andre prisen som vert delt ut i dag er trafikktryggingsprisen til fylkeskommunen. Som første kommune i fylket vart Årdal kommune godkjent som såkalla trafikksikker kommune i juni.

– Å bli godkjent som Trafikksikker kommune betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulukker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Eg håpar at godkjenninga av Årdal kommune som trafikksikker kommune og tildelinga av årets trafikktryggingspris kan vere til inspirasjon for andre kommunar i arbeidet med trafikktrygging, seier leiar av trafikktryggingsutvalet, Noralv Distad (H).

Prisen er ein sjekk på 25.000 kroner.