Hopp til innhold

Vil ha arkitektur og kulturarv som ein del av opplevingsturisme

Arkitektur og kulturarv er ei viktig satsing for reiselivet når det gjeld å utnytte meir av fjordlandskapet, meiner hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Arkitektur

UTNYTTE FJORDLANDSKAPET: Arkitekturen langs fjordane kan vere med på å utnytte fjordlandskapet for reiselivet, meiner bransjen sjølv.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Arild Nybø

I dag samla rundt 40 personar seg på villakssenteret i Lærdal til fagseminar. På seminaret skal dei prøve å finne ut korleis ein kan bruke arkitektur og kulturarven betre i reiselivet.

Sigurd Kvikne, kjent som hotelldirektør for Kvikne hotell i Balestrand er ein av dei som har vore med og hatt idear.

Sigurd Kvikne

MANGE MOGLEGHEITER: Hotelldirektør Sigurd Kvikne ser måtar ein kan utnytte fjordlandskapet på.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det var ein diskusjon i Fjordnorge og NCET om at ein skulle sjå på moglegheiter for meir aktivitet og meir produktutvikling. Poenget er å utnytte meir av fjordlandskapet og dei moglegheitene som ligg i arkitektur. Dei nasjonale turistvegane er jo eit godt eksempel på kva ein kan få til av spennande ny arkitektur som gjer at ein trekker til seg fleire gjester, seier Kvikne.

Hotelldirektøren trur dette er ei satsing som vil skape meir i kassa til reiselivet.

– Og det må ikkje berre bli snakk. Eg håpar at denne konferansen her gjer at vi får nokre produkt som vi kan gå ut på marknaden å selje, fortel Kvikne.

– Tene pengar og bli verdsleiande

Randi Bårtvedt i NCET (Norwegian Centre of expertise – Tourism) står bak denne samlinga i samarbeid med Riksantikvaren og Statens vegvesen i Lærdal.

– Vi har satsa på aktivitetar og opplevingsturisme. Grunnen til at vi er her i Lærdal er fordi Lærdal og kongevegen kan bli eit produkt i lag, så kan ein kople det same på Balestrand, Vik i Sogn, Voss og Hardanger når det gjeld arkitektur og fjordkultur, så har vi mykje å selje som vi i dag ikkje tenkjer på, fortel Bårtvedt.

Randi Bårtvedt

BLI VERDSLEIANDE: Randi Bårtvedt i NCET.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

På fagseminaret skal dei diskutere korleis arkitektur og kulturarv kan gjerast verdsleiande på reiseliv i Sogn og Fjordane.

– Tene pengar, bli verdsleiande og presentere vår eigen kultur. Vise at det faktisk bur folk i fjordane, og at vi har ein særeigen byggjeskikk, seier ho.

– Vi har stavkyrkjer, industriarkitektur og sveitserstil. I Lærdal har vi Lærdalsøyri, men òg villakssenteret. Å få folk meir folk til å bruke det, då vert det fleire arbeidsplassar. Reiseliv er noko som har framtida for seg.

Å ta kulturarven inn i vår tid

Bårtvedt forsikrar at det vil kome ut nye produkt av fagseminaret.

– Vi har med oss arkitekt Lars Haukeland frå Lpo i Oslo. Han står blant anna bak Mathallen der. Også Sverre Landmark frå eigedomsgruppa bak satsingar i Drammen og Oslo.

HØYR PRATEN MED ARKITEKT LARS HAUKELAND: Han meiner Lærdal må tenkje nytt når samfunnet skal utviklast og moderniserast.

Mykje folk med ulik kompetanse er altså samla i Lærdal for å kome opp med gode idear til korleis ein skal utnytte fjordlandskapet.

– Vi har med oss folk får eigedomsbransjen, vi har dei som teiknar og ikkje minst ekspertar frå fortidsminneforeininga og reiselivet på dette med å ta kulturarven i bruk. Det handlar om å ta kulturarven med inn i vår tid og presentere det for folk i da, seier Bårtvedt.