Hopp til innhold

Satsar vidare: Gjentek aurefesten frå i fjor

I kveld opplyste Jølster Aurefest på Facebook at dei satsar på ei ny festhelg i juni. Reaksjonane lét ikkje vente på seg.

Aurefiskekonkurranse

FESTHELG: Slik såg det ut under Jølster Aurefest i fjor.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det er positivt at folk er glade, seier leiar i prosjektgruppa og styreleiar i selskapet, Andre Sunde.

Han seier det ikkje var gitt at det blei festhelg med fiskekonkurranse og fest på hotellet.

– Det var ikkje eit enkelt val om vi skulle tore å satse like hardt. Det er mykje arbeid, og vi måtte forsikre oss om at både publikum og dugnadsgjengen ville gå like hardt for det i år. Og det vil dei, seier ein svært glad Sunde.

Stor suksess i fjor

Aurefesten vart arrangert for første gong i 2014, og vart ein stor suksess. Totalbudsjettet, med både fiskekonkurransen og hotellet på Skei si satsing, var på rundt to millionar, fortel styreleiaren.

– Vi gjekk i pluss i fjor. Dugnadsgjengen jobba knallhardt, vi fekk gode tilbakemeldingar frå publikum på at det var ei fin helg.

Over 700 var med i fiskekonkurransen, og Sunde seier rundt 3000 var innom festivalen.

Trur på endå større suksess i år

Det er ikkje noko å seie på ambisjonane før årets fiskefest.

– Opplegget er spikra. Hotellet er med i år og, så det er veldig bra. Vi lagar no ein lanseringsplan. Det blir vel så bra som i fjor, seier Sunde.

Berre ein ting var litt frustrerande for dei største fiskeentusiastane i fjor: Vêret. Det er eit meir eller mindre vitskapleg bevist faktum at godt vêr er lik dårleg fiske, medan dårleg vêr gir godt fiske.

Men og her ser Sunde lyst på det, uansett kva vêrgudane skulle gje dei.

– Med dårleg vêr og godt fiske vil alle ha det fantastisk. Men strålande vêr, slik som i fjor, vil alle han ein nydeleg dag med Jølster frå si beste side. Vi kan ikkje tape, eigentleg, ler han.

Her kan du sjå bileta frå fjoråret: