NRK Meny
Normal

Hollevik satsar i Florø: «Vi har ikkje tenkt å leggje oss bakpå»

FLORØ (NRK): Statoil bremsar aktiviteten på basen i Florø, oljeprisen og investeringslysta er låg. Likevel satsar Atle Hollevik og Safari Engros friskt i motvinden.

Atle Hollevik i Safari Engros i Florø

STA GRÜNDER: Familien Hollevik har drive innan handel i fleire generasjonar. Atle Hollevik har ingen planar om å gje seg.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Sidan 1986 har verksemda vore i aktivitet på oljebasen, Fjordbase, i Florø. Tradisjonelt har skip og offshore vore hovudmarknaden deira, men satsinga på storhushaldningsmarknaden på land det, har gjort dei til marknadsleiarar i Sogn og Fjordane.

– Når det gjeld Safari så har vi ikkje tenkt å leggje oss bakpå. Det er vel noko som heiter å satse i nedgangstider, og det gjer vi så det monnar, fortel gründer og dagleg leiar Atle Hollevik.

Doblar kapasiteten på Fjordbase

Dei som kjenner han veit at han nærast bur på jobb, og at han har ein ståpåvilje for eiga verksemd som mange kunne misunne han. No spyttar han inn friske millionar på Fjordbase-området.

– Vi er i ferd med å byggje meir lager på Fjordbase og då doblar vi den kapasiteten vi har i dag. Vi kjem til å halde fram satsinga vår både på sjø og land. Grunnarbeidet er i full gang, og det er ikkje lenge før bygget reiser seg, fortel ein tydeleg stolt Hollevik.

Meldingane om kutt og nedskjeringar i olje- og gassrelaterte verksemder er mange no om dagen. I går kunne NRK melde at om lag 5000 riggjobbar på norsk sokkel er i fare.

– Eg er sta som eit esel

Men Atle Hollevik trur at med effektiv jobbing skal Safari Engros klare å ta inn att det dei mister frå olje- og gass. Mellom anna med investeringa i nybygg på Fjordbase.

– No er det slik at eg er som eit sta esel når eg bestemmer meg for noko. Det er klart at eg skulle gjerne gjort dette for fleire år sidan, men det er betre seint enn aldri. Vi har greidd å leggje oss opp ein del kapital, så eg er trygg på det vi gjer no.

Per i dag har Safari kring 30 tilsette, og Hollevik har ingen planar om å late nokon av desse gå i nedgangstidene.

– Vi har ikkje mista så mykje at vi har redusert arbeidsstokken. I utgangspunktet ønskjer vi ikkje å kvitte oss med nokon av alle dei gode medarbeidarane vi har. Dette er medarbeidarar som har følgd oss i mange år, og som eg er svært stolt over.

Safari Engros i Florø byggjer ut i 2015

BYGGJER UT: På denne tomta, som Hollevik sjølv eig, byggjer Safari Engros no nytt lagerbygg som nær doblar kapasiteten.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Har trua på Sogn og Fjordane

Tidlegare denne veka var visesentralbanksjef Jan Nicolaisen på besøk i Florø. Han la vekt på at norsk økonomi er i ein utfordrande situasjon som ein følgje av nedgangen i offshoresektoren. Men han trur at Sogn og Fjordane som heilskap vil kome lettare frå det enn i fylka nord og sør for oss.

– Næringssamansetninga i Sogn og Fjordane er gunstigare enn mange andre stader. Det kjem an på kor flinke dei som jobbar i næringslivet klarer å handtere situasjonen. Vi trur at det verste er gjort mot slutten av 2016, seier Nicolaisen.

For Safari-eigar Atle Hollevik er det gode ord på vegen, når han no vel å satse vidare.

– Det vil alltid vere slik at konjunkturane svingar. Vi har hatt svingingar før også, og vi kan vere trygge for at vi reiser kjerringa att her i Florø også.

– Du kjem ikkje til å kaste inn handkledet?

– Så absolutt ikkje.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.