Hopp til innhold

Spelar barneteater for alle aldrar

Kunstnarparet Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund hadde korkje teater eller skodespelarar då dei starta arbeidet med stykket Urmakarens hjarte. No er dei klare for storstilt turné til dei største scenene i landet. Med på laget har dei folkemusikar Unni Løvlid.

– Dette er ei kjempeviktig satsing for Sogn og Fjordane, som liker å profilere seg som eit kulturfylke, seier Løvlid entusiastisk under øving i Førdehuset.

Folkemusikaren frå Hornindal har fått rolle som éin av fem skodespelarar i barneteaterstykket Urmakarens hjarte, som har nypremière på Sogn og Fjordane teater fredag 16. mars.

Dette er ein omarbeidd versjon av stykket som blir framført under Førde internasjonale folkemusikkfestival i fjor.

Starta utan teater og skodespelarar

Urmakarens hjarte

INSPIRERT AV NORSK FOLKETRU: Urmakarens hjarte har nypremière fredag 16. mars.

Foto: Olav Reiakvam

Kunstnarparet Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund står bak førestellinga. Dei flytta frå teaterhovudstaden Oslo til vesle Dale i Fjaler kommune, der det ikkje nett kryr av skodespelarar, langt mindre teaterscener.

– Der fekk vi ideen til å produsere teater sjølve, utan noka scene å stå på eller skodespelarar å jobbe med, fortel Lie, som saman med mannen driv eige produksjonsselskap.

Med lokale krefter som Løvlid har dei lukkast i å realisere den ambisiøse ideen.

– Dette har gått bra så langt. Dale er ein kreativ stad, og vi er heldige som har fått låne rom og ressursar på Nordisk kunstnarsenter, seier Lie.

Tek oss med inn i mystisk univers

I Urmakarens hjarte møter vi Runa på 12-årsdagen sin, eitt år etter at mor hennar miste livet i ei trafikkulykke. Noko hender som gjer at ho finn inngangen til eit mystisk parallelt univers, i form av ein skog.

Her møter ho ei flaggermus som fortel henne at tida har stansa, og at kjærleiken berre er eit ekko som vil forsvinne. Runa må også kjempe mot fabeldyret kraken, kjend frå norsk folketru.

Eventyrthriller inspirert av folketru

Stykket viser korleis Runa taklar sorga gjennom ei fantasiverd, og rettar seg hovudsakleg mot born og unge i alderen 9-15 år. Lie seier førestellinga er inspirert av fantasysjangeren og norsk mytologi.

Artikkelen held fram under biletet.

Urmakarens hjarte

SKUGGEBILETE: Scenografien i Urmakarens hjarte er i ulike blåtonar.

Foto: Olav Reiakvam

– Vi tek opp eit alvorleg tema som sorgarbeid, men dette er først og fremst ein skummel og morosam eventyrthriller, seier Lie.

Spelar på fleire strengar

Fela har ho lagt bort i denne samanhengen, men Løvlid syng og spelar fleire roller i stykket, mellom anna som «Margyla». Ho synest det er spennande å gjere noko anna enn det ho er van med som folkemusikar og felespelar.

– Eg har mange roller og til og med replikkar, så dette er heilt annleis og veldig moro, smiler Løvlid.

Håpar folk nyttar ein sjeldan sjanse

Unni Løvlid

PRØVER SEG PÅ TEATER: Unni Løvlid syng og spelar fleire roller i stykket.

Foto: Unspecified

Ho kryssar fingrane for at folk strøymer til for å sjå, slik at det blir mogleg å gjere noko liknande seinare.

– Det er ikkje ofte ein satsar slik på teater i Sogn og Fjordane, så eg håpar folk veit å setje pris på ein slik sjeldan sjanse, seier Løvlid.

Urmakarens hjarte skal først visast fleire stader her i fylket, før turen går vidare til dei store teatra i Oslo og Stavanger.

Oppmodar dei vaksne om å bli med

Sjølv om stykket rettar seg mot born, meiner Løvlid at stykket er aktuelt for folk i alle aldrar. Ho oppmodar dermed foreldre til å slå følgje med borna sine for å sjå.

– Vaksne har kanskje lettare for å låse seg på eit vis. Eg trur faktisk dei fleste vaksne eg kjenner kunne hatt godt av å få med seg dette stykket, ler Løvlid.