Hopp til innhold

No tek Line musikken til nye høgder

Line Dybedal (25) har blant anna vunne Urørt saman med bandet «The Pink Robots». No vil Selje-jenta skyte fart på solokarrieren sin, og slepp no ein heilt fersk musikkvideo.

Line Dybedal frå Selje gir ut ny musikkvideo produsert av Myreze AS, for låta "Puppetmaster".

PREMIERE: Her kan du for første gong sjå musikkvideoen til Line Dybedal si låt "Puppetmaster". Musikkvideoen er produsert av Myreze AS.

Med ein splitter ny musikkvideo til den ferske låta «Puppetmaster», håpar Line Dybedal frå Selje at folk får augene opp for musikken hennar. For det er det som er den store draumen, å kunne leve av musikken.

– Eg pleier å seie at det er draumen, og så gløymer eg at eg faktisk jobbar som kyrkjemusikar i Nykirken i Bergen. Men eg har lyst å kunne skrive meir songar, reise rundt og spele konsertar og treffe mange andre musikarar, ja, leve som ein musikar. Det er målet, seier Dybedal.

Samarbeid med Morten Abel

I produksjonsprosessen har ho fått hjelp av blant anna den velkjende artisten Morten Abel. Dybedal fortel at det heile starta då ein manager i Stavanger sende demoane hennar til Abel.

– Dei blei veldig gira på denne låta her. Så eg reiste ned, var der ei lita veke i studio og gjorde nye opptak til den låta. Det var veldig triveleg, fortel ho.

– Eg var veldig spent på kva dei kunne tilføre, men når eg har vist låta til andre så seier dei at dei høyrer at Morten Abel har vore med på det. Han har jo eit veldig tydeleg preg på sin eigen musikk og han henta litt av det inn i andre ting han er med på. Det er kult å seie at han har vore med og jobba på låta mi.

(Artikkelen held fram under videoen)

Glimt frå produksjonen av Line Dybedal sin musikkvideo "Puppetmaster", laga av Myreze AS

BAK VIDEOEN: For Line Dybedal var det viktig å få laga ein musikkvideo for at fleire skal bli merksame på musikken hennar. Her kan du sjå korleis produksjonen gjekk føre seg. Foto/redigering: Myreze AS

Men ei god låt var ikkje nok for å få folk til å leggje merke til låta.

– Det er så mykje musikk på nettet at dersom ein skal bli lagt merke til så må faktisk mannen i gata veldig ofte ha noko å feste blikket på også.

Styrer aktørane i videoen

Dermed tok Dybedal kontakt med Myreze AS, som tidlegare blant anna har spelt inn musikkvideo med Madcon i Bremanger.

– Eg kjenner dei godt, og har jobba med Svein Arild Vadsø tidlegare. Så det var naturleg for meg å spørje dei. Så kom dei med ideen om at eg skulle vere den som styrer alle aktørane, altså ein «puppetmaster». Og det fungerte så utruleg bra saman med teksten, og gav den djupare og meir tydeleg meining, fortel Dybedal.

I midten av januar samla dei ein heil gjeng, både frivillege og profesjonelle, og gjorde opptaka til musikkvideoen. No er den endeleg klar for å visast fram.

– Vi er kjempenøgde. Resultatet har blitt så bra. Det ser veldig profesjonelt ut, synest eg. Det er så fine bilete, reint og tydeleg. Det er eg veldig oppteken av, seier musikktalentet.

Vann Urørt

Karrieren hennar starta då ho var 14 år og vart spurt av «dei store karane» i bygda om ho ville vere med og spele i bandet deira.

– Det var nok av den enkle grunnen at eg var den einaste under 50 år som faktisk spelte piano, fortel Dybedal.

Bandet vart seinare til The Pink Robots som vann Urørt i 2010 og turnerte på dei fleire store festivalar i Norge.

– Det var topp stemning, mimrar ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Line Dybedal

PUPPETMASTER: Line Dybedal 'styrer' alle aktørane i musikkvideoen ved hjelp av trådar.

Foto: Bjørn Myreze / MYREZE

Satsar åleine

Dybedal har sidan den gong vore å høyre på fleire låtar på P1 og P3 med både The Pink Robots og Odd Erik Lothe.

Etter kvart vart ho tipsa om å prøve seg på å skrive eigne låtar og gi dei ut. Først trudde ho ikkje ho var klar for det, men i 2012 begynte ho å spele inn si første låt.

– Då kjende eg at det var verkeleg godt å få gjort det. Eg hadde eit behov for å utrrykkje meg både musikalsk og via tekst. Det var berre meg, og eg kjende at det var veldig riktig, fortel Selje-jenta.

Men sjølv om det har mange fordelar å vere åleine, merkar ho også at det krevjar meir.

– Eg står kun på mine eigne bein, og har ingen å støtte meg på når det går litt treigt eller ting ikkje går som det skal. Så det ligg mykje ansvar på skuldrane mine, det kjenner eg på, men det er også godt å ta mange eigne avgjersler. I og med at eg har spelt i Pink Robots og fått mange gode kontaktar så har eg framleis dei å bruke, så eg har opparbeidd meg litt, fortel ho.

I gang med nytt album

Planen hennar framover er ifølgje Dybedal sjølv, varierande etter kven ho kjem i kontakt med og kva dei meiner. Men ein singel til er på veg, og ho er godt i gang med albumet som forhåpentlegvis kjem før sommaren.

– Alle låtane er ferdige og eg har spelt inn halvparten. Eg har stoppa opp litt no for eg er raka blakk, men eg håpar at eg kan komme meg i gang igjen snart.

For bransjen er tøff, og det er ikkje lett å kome seg opp og fram innimellom mylderet av musikk.

– Det er så utruleg mange om beinet. Det er så lett å publisere musikk og det er så mange flinke, så ein må halde ut litt til, klamre seg fast til halmstrået og så kjem det noko positivt. Ja, det er hardt, men det er verdt det.