NRK Meny

Satsar stort på kraft

I Holsen i Førde er dei no i ferd med å bygge det største private kraftverket i kommunen, skriv Firda. Anlegget skal produsere 27 GWh, noko som tilsvarar forbruket til om lag 1500 husstandar. Prislappen er på knapt 70 millionar kroner. Dei 22 grunneigarane og aksjonærane fekk konsesjon alt i 2009, men måtte vente til den nye kraftlina gjennom fylket stod ferdig.