Heilt inst i Førdspollen har ekteparet Karl Vidar og Sonja Kristin Førde satsa på ei noko utradisjonell form for gardsdrift.
Då dei tok over garden i 2013 var det mjølkeproduksjon der. Men med to jobbar og tre barn vart det for mykje jobb å halde fram med det. Dei fann ut at dei ville satse på noko heilt anna.
– Vi fekk dei første dyra i august 2015. Sidan då har vi vekse ganske mykje. No har vi 38 hjortedyr på garden, fortel Sonja Kristin Førde.
Ho har slutta i jobben for å drive hjortegard på heiltid.
– Vi har satsa. Her er set opp 2000 meter med gjerde og no har vi 80 mål med innhegna beite til hjorten, fortel Karl Vidar Førde.
- Les også:
- Les også:
– Sjarmerande dyr
Dei starta med ti kollar og ein bukk. Dyra fekk dei frå Norsk Hjortesenter på Svanøy. Barna var med då dei skulle velje ut hjortane. Dei fekk og velje namn til bukken og døypte han Messi.
Hjortane er tamme og kjem på signal. Karl Vidar Førde har blitt positivt overraska over dyra.
– Det er sjarmerande dyr å jobbe med. Eg blir berre meir og meir fasinert etter kvart som vi jobbar med dei, seier han.
Hjort og opplevingar
Det er ikkje berre hjorteoppdrett dei driv med på garden. Dei satsar også på opplevingar og aktivitetar. Låven har dei gjort om til «Hjortestova» og her skal dei arrangere «hjortepub».
– Planen er å arrangere pubkveldar. Vi skal ha ein Kick-off før hjortejakta startar. Då vil vi samle jegerane og hausse opp jaktstemninga med gode jakthistorier, fortel Karl Vidar Førde.
I framtida ønskjer dei å ta folk med på jakt og mellom anna arrangere kurs i ettersøk og partering.
Skal «avhjorte» hundar
Ein marknad dei ikkje var klar over fanst har og dukka opp. Norges Jeger og Fiskarforbund tok kontakt for å «avhjorte» hundar på garden deira.
– Det vil seie at ein trenar opp hunden til å ikkje gå på hjort i skogen.
Snart skal dei gå i gong med kjøtproduksjon. Så hjorten på garden i Ålfoten vil bli mat til slutt.
– Det er slik livet på ein gard er, når ein avlar opp dyr. Det er stor etterspørsel etter hjortekjøt på marknaden, fortel Sonja Kristin Førde.