Hopp til innhold

Satsar på vinterturisme

Turistnæringa i Sogn tek sats for å lokke til seg turistar i vinterhalvåret.

Med ski på toppen av Molden
Foto: Fredrik Schenholm

Reisemål Sogndal og Luster AS har fått støtte frå Innovasjon Norge og kommunane til vinterprosjektet Sik sogn.

– Slutt på å vere gratispassasjer

– Ski Sogn blir marknadsført både internasjonalt, nasjonalt og regionalt, seier prosjektleiar Øystein Sagabråten. Han meiner at dei som vil vere med på å auke vinterturismen i Sogn må hive seg rundt og melde seg på.

– Tida for å sitte på gjerdet og vere gratispassasjer er definitivt over, seier Sagabråten.

Så langt er Sogndal Skisenter på Hodlekve, Sogn Skisenter på Heggmyrane, nokre aktivitetsselskape og overnattingsbedrifter med på laget.