Hopp til innhold

Trippeldrapssikta kan bli tiltalt i løpet av mai - saka kan komme for retten i september

Den 30 år gamle sør-sudanesaren som er sikta for trippeldrapet på Valdresekspressen i november, kan bli tiltalt i løpet av mai. Politiet ventar no på rapporten frå dei psykiatrisk sakkunnige, som har observert mannen sidan januar.

Valdresekspressen der tre personer ble drept

4. NOVEMBER: Tre personar vart knivdrepne på Valdresekspressen. Ein 30 år gammal asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta i saka.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Det er litt tidleg å seie eksakt når tiltalen vert teken ut. Per i dag ventar vi på ein rapport frå dei sakkunnige som skal seie noko om den observasjonen som vert gjort av gjerningsmannen, seier regionlensmann i Sogn, Trond Arne Aglen.

Alt etter kva som kjem fram i rapporten, vil politiet vurdere om det er ytterlegare etterforsking som trengst før tiltale kan takast ut.

– Viss det ikkje er det, vil saka bli send til lokal påtalemakt for ei innstilling, som igjen vert send til Statsadvokaten. Han vil vidare sende eit forslag til Riksadvokaten, seier Aglen.

Endeleg tiltale før sommarferien

Han ser for seg at det vil kunne skje rundt midten eller slutten av mai.

– Så vil Riksadvokaten komme med sin endelege tiltale før sommarferien, seier Aglen.

Det har gått fire månadar sidan tre personar vart knivdrepne på Valdresekspressen som var på veg frå Sogn til Austlandet.

Trond Arne Aglen

TEK TID: Regionlensmann i Sogn, Trond Arne Aglen, seier det ikkje er unormalt at det tek tid før ein får teke ut tiltale i krevjande drapssaker.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Bussjåfør Arve Kvernhaug (55), 19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdal og Brahim Khoya (53) vart drepne då ein asylsøkjar gjekk til åtak på dei med kniv.

Den 30 år gamle asylsøkjaren frå Sør-Sudan har så langt ikkje vore villig til å late seg avhøyre av politiet, trass i tallause forsøk.

Maria Kirkeide Ravnå har tidlegare sagt til NRK.no at det er ei enorm påkjenning for dei pårørande at den sikta ikkje vil late seg avhøyre i saka.

Vert grundig kvalitetssikra

Den sikta sør-sudanesaren har i mange veker vorte observert av tre psykiatrisk sakkunnige, utnemnde av retten.

– Grunnen til at det tek så lang tid å ta ut tiltale, er at det ligg tidsfristar til grunn. Saka skal gjennom fleire ledd for å bli kvalitetssikra, og då har ein eit visst tal veker på seg for å komme med sine tilslutningar til tiltalen. Det er ikkje unormalt, seier Aglen.

Tidlegare regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, har uttalt at politiet har vore særskilt grundige med alt dei har gjort seg i saka, nettopp fordi den sikta mannen ikkje vil la seg avhøyre.

– Trur du dei sakkunnige vert ferdige innan tidsfristen på 12 veker?

– Etter det eg kjenner til, har vi ikkje fått opplysningar som tilseier at dei ikkje vert ferdige. Men det veit ein jo aldri. Men per i dag har vi ikkje grunn til å tru det, seier Aglen.

Krev ekstra innsats

Viss ein tiltale vert teken ut før sommarferien, som planlagt, kan saka komme for retten tidlegast i september.

– Korleis er det å jobbe med ei så omfattande drapssak utan å få avhøyrt den sikta?

– Det krev ekstra innsats frå politiet. Då er ein nøydd til å etterforske breitt og gå gjennom alle tenkjelege og utenkjelege scenario for å kartleggje kva som har skjedd, seier Aglen.

Han legg til at det har sine utfordringar.

– Men samtidig har det sine fordelar. Då må vi etterforske grundig, seier Aglen.