Hopp til innhold

Satsar på sjuande strake heimesiger mot Brann

FOSSHAUGANE (NRK): Sogndal leiar tabellen, har seks strake sigrar mot Brann på eige gras, og knuste motstandaren sist dei møttest. I kveld er veslebror favoritten.

Opseth var tremålshelten som senka Brann sist. No håpar han på reprise.

HÅPAR PÅ REPRISE: Kristian Fardal Opseth scora tre mål sist laga møttest. No håpar han på reprise.

Med tre mål var Kristian Fardal Opseth ein av heltane då Sogndal slo Brann 4–0 på bortebane i juni. I dag forventar han eit heilt anna oppgjer.

– Eg forventar at det blir ein tøff kamp. Me er i alle fall veldig klare. Me får satsa på at det smeller frå start for vår del, seier spissen.

Laster innhold, vennligst vent..

Meiner vinnarviljen har skilt laga

Han gler seg over å høyre at det er forventa fulle tribunar.

– Å spele slike kampar er det kjekkaste av alt, seier Opseth.

Rune Bolseth er veteranen som veit kva desse oppgjera betyr. Og trur viljen til å vinne er det som har skilt dei to laga i dei mange heimesigrane på Fosshaugane.

– Litt galskap og fighting spirit frå alle elleve utpå der, det blir sjølvsagt viktig i dag og, seier han.

Bolseth trur galskap og innsats må til for å tukte Brann.

ETTERLYSER GALSKAP: Veteran Bolseth trur innsatsviljen blir avgjerande mot Brann.

Desse elleve startar for Sogndal

For Sogndal er Petter Strand tilbake på bana etter å ha stått over to kampar med ein lyskeskade. Midtstoppar Bjørn Inge Utvik må slite benken, saman med spiss Mahatma Otoo. Sistnemnde er vraka til fordel for nysigneringa Osita Chikere.

Elles har både keeper Mathias Dyngeland og den ferske kantspelaren Thomas Drage fått fornya tillit.

Her er laget som møter Brann: Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås – Petter Strand, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Thomas Drage – Kristian Fardal Opseth, Osita Chikere

Benken: Stefan Hagerup, Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Lars Christian Kjemhus, Peter Aase, Simen Brekkhus, Mahatma Otoo

Laster innhold, vennligst vent..