Hopp til innhold

Regn og mildvêr stoppar dei ikkje - satsar på rekordhogst

Trass i ein svært mild og våt vinter, går det mot ny rekordhogst i Sogn og Fjordane. Skogeigarlaget reknar med ein liten auke til 120.000 kubikkmeter tømmer dette året.

Oseberg

HENG I: Skogsentreprenør Knut Jørgen Oseberg har full drift i skogen på Halsør i Vågsøy, trass i mildvêr og regn.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er så store og dyre maskiner, så du må køyre heile året for å ha skikkeleg inntekt på det. På Vestlandet er det berre heilårsdrift, seier Knut Jørgen Oseberg.

I bakkane på Halsør i Vågsøy held hogstmaskinene på å rydde eit stort felt på 7.000 kubikkmeter tømmer. Skogsdrifta er i regi av Nortømmer AS, som er ein nasjonal aktør i skogbrukstenester.

Tidlegare var det berre hogst når det var kaldt og skikkeleg vinter. Men slik er det ikkje i 2014.

– Vi har spesialbygde skogsmaskiner. Traktor i dette terrenget hadde vore håplaust, seier Oseberg.

Ryddar opp etter seg

Sjølv om det er mildt og vått, er det effektiv drift for skogsarbeidarane.

– Vi ligg på 150 til 200 kubikk om dagen, så høgt som vi er no. Det blir litt mindre utkøyrt, sidan det er langt å køyre. Her vi er no, må vi også lage nokon trasear, og når det er blautt, er det vanskeleg å lage skikkelege vegar, seier Oseberg.

Men dei får det til. Sjølv om skogsområdet ser rimeleg herja ut akkurat medan det står på, kjem alt til å sjå skikkeleg ut når våren kjem for fullt.

– No mens vi driv på, ser det ikkje så bra ut. Men vi har krav på oss til at vi skal pusse opp etter oss når vi dreg herifrå. Når det vårast, kjem det til å bli flott, seier Oseberg.

Vinden er verre enn det våte

Han meiner det våte og milde vêret ikkje går ut over lønsemda.

– Nei, dette er ikkje noko ekstremt. Det som er spesielt her på Halsør, er at det er sterk vind. Dei dagane det er ekstrem vind, må vi hogge på spesielle stadar, eller så må vi vere heime til det roar seg, seier Oseberg.

I fjor vart det omsett 118.000 kubikkmeter med tømmer gjennom Sogn og Fjordane skogeigarlag, medan den samla hogsten var på 149.000 kubikkmeter. Mykje av dette var vindfall etter Dagmar-orkanen.

Kjelstad

IKKJE PROBLEM: Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Ingunn Kjelstad, understrekar at regn og mildvêr ikkje er noko stort problem.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I år legg skogeigarlaget opp til ny rekord, med 120.000 kubikkmeter ståande skog, seier dagleg leiar Ingunn Kjelstad.

– Mildvêr og regn er vi vane med, og entreprenøren må jobbe og produksjonen må gå rundt. Det går kontinuerleg, uavhengig av vêret, seier Kjelstad.

Er vane med regn og mildvêr

Men no går entreprenørane meir over frå nedfallsskog etter stormen Dagmar, til ståande skog.

– Då vert det litt andre utfordringar, seier Kjelstad.

Ho legg til at det er ein del stadar ein rett og slett må vente på frost og vintervêr, men at det er nok å ta av.

– På den måten avgrensar mildvêret oss. Men regn og mildvêr er vi jo vane med resten av året også. Så det taklar vi, seier Kjelstad.

Ikkje farlegare sjølv om det er mildt

Ho trur ikkje det er farlegare å drive med hogstarbeid, sjølv om det er vått og blautt i skogen.

– Når det er vått og blautt, så er det større fare for køyrespor og køyreskadar. Men dei skal vi rydde opp i uansett. Det tek kanskje litt meir tid, seier Kjelstad.

Einskilde stadar ventar ein med å gå inn å rydde, for at tilhøva skal bli litt betre.

– Gjeld dette også for bønder som høgg tømmeret sjølve?

– Nei, eg trur dei som driv i skogen sjølve med traktor og vinsj, dei ventar på vintervêr og frost, seier Kjelstad.