Hopp til innhold

Satsar på rekefiske igjen

Reiarlaget Torbas AS i Måløy har ikkje drive med rekefiske sidan 1999, men rett etter nyttår startar dei opp igjen. Difor er dei på jakt etter 25 nye tilsette, og helst lokale folk, skriv Fjordenes Tidende. I dag tok dei imot den nyinnkjøpte trålaren som skal i drift frå 2. januar. Reiarlaget driv i hovudsak med pelagisk fisk, men dagleg leiar Agnar Lyng seier dei vil ha fleire bein å stå på.