Hopp til innhold

Satsar på United og Real Madrid

Avery Dennison NTP i Gaupne veks stadig. Målet er at nye storkundar skal sikre arbeidsplassane, for automatisering og effektivisering vil føre til mindre behov for arbeidskraft.

Fotballdrakter frå Avery Dennison NTP

NYE STORKLUBBAR: Barcelona (lengst vekke) er allereie på kundelista til Avery Dennison NTP, og no skal nye kontraktar med nye storklubbar sikre arbeidsplassane i Gaupne.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi vil prøve å automatisere drifta for å vere konkurransedyktige mot europeiske og nordiske konkurrentar. Men eg reknar med at vi kjem til å halde fram som ei hjørnesteinsbedrift i Luster, seier komande dagleg leiar Tom Dyrdal.

Avery Dennison NTP i Gaupne har vore ei eventyrhistorie for Luster. Då Atle Gandrudbakken starta i 1988 var det fire tilsette. Fleire store kontraktar på slutten av 90-talet resulterte i 80 tilsette og 42 millionar i omsetning i 2002.

Bedrifta lever av å trykke merke til arbeidsklede i Norge, men leverer og trykk til fotballklubbar, seinast i vår då dei sikra ein storkontrakt over tre år med Barcelona.

Veksten har berre halde fram. Reknskapstala for 2014 syner ei omsetning på 121 millionar og overskot på sju millionar, opp frå høvesvis 111 millionar og 2,7 millonar i 2013, og opp endå meir om ein samanliknar med 2012.

– Det er veldig viktig for oss å vise til gode tal. Det gjer at vi får meir investeringsvilje frå konsernet og kan vekse vidare, både i Norge og Europa, seier Tom Dyrdal.

Nye storklubbar skal berge arbeidsplassane

For å halde seg interessante for dei amerikanske eigarane og konkurransedyktige på verdsmarknaden satsar bedrifta på automatisering og effektivisering. Men Dyrdal trur dei skal greie å halde eit stort tal menneske med arbeid også i framtida.

Tom Dyrdal

KOMANDE DAGLEG LEIAR: Tom Dyrdal.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Satsinga vår tilseier at vi bør klare å ta fleire fotballklubbar i Europa. Det vil gjere at talet merke som blir produsert går så drastisk opp at det vil kompensere, og at vi vil ligge jamt på litt over hundre fast tilsette.

Og det er ikkje kva som helst klubbar som står på ønskelista.

– Alle store klubbar som Real Madrid, Manchester United og Bayern Munchen er interessante for oss, og noko vi jobbar med, seier Dyrdal.

Avery Dennison NTP

GAUPNE: I bygda Gaupne i Luster jobbar over 130 menneske i desse lokala med trykk til arbeidsklede og fotballdrakter.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Ikkje redd for flytting av arbeidsplassar

Etter eit vidaresal i 2002 vart bedrifta i Gaupne nok ein gong kjøpt opp i 2007. Dei ligg no under gigantkonsernet Avery Dennison, som har forretningsverksemd i meir enn 50 land, 25.000 tilsette og ei omsetning på 6,3 milliardar dollar i 2014.

Dyrdal er ikkje redd for at industrigiganten skal flytte arbeidsplassane til land med billegare arbeidskraft og generelt lågare produksjonskostnadar.

Vi i Gaupne er i ein særposisjon fordi vi er så sterke på den norske marknaden. Vi har ein spesialkompetanse på trykkinga som konsernet treng og set stor pris på. Dei investerete både i 2013 og 2014 fleire millionar i Gaupne for ein meir effektiv produksjon.

– Er du trygg på å halde på den sterke posisjonen i konsernet på 10, 20 års sikt?

– Ja. Vi har planar om å byggje ut eit innovasjonssenter i Gaupne til forsking og utvikling. Eg trur det vil hjelpe til å sikre posisjonen vår, seier Dyrdal.

– Kan trygt definerast som hjørnesteinsbedrift

Med den gode veksten i selskapet har også talet tilsette gått opp. For to år sidan var om lag 110 personar i arbeid; no er talet over 130.

– Talet tilsette har gått jamt oppover dei siste åra, men kanskje spesielt siste året har vi brukt mykje arbeidskraft for å ta Barcelona-ordrane og andre store markedsvinstar.

Ivar Kvalen

ORDFØRAR: Ivar Kvalen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Utviklinga gler også ordførar Ivar Kvalen.

– Verksemds kan utan tvil definerast som ei hjørnesteinsbedrift. Det er mange familiar som har sitt daglege virke der, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen, som spesielt skryt over breidda:

– Ein finn alle typar menneske, fleire typar nasjonalitetar, og slik eg oppfattar det alt frå doktorgradsstudentar og folk utan utdanning. Det er ei utruleg viktig bedrift.

Og Dyrdal seier 2015 ser lyst ut så langt.

– Vi har større vekst enn i 2014, så eg trur vi kan gle oss til eit veldig bra reknskap med vekst i både lønnsemd og omsetning.