Satsar på knallhard oppkøyring

Sogndal Fotball vil møte tøffe motstandarar før sesongen 2013 brakar laus i midten av mars.

Per Egil Flo med ballen. I bakgrunnen Ulrik Flo og Henrik Furebotn.

HARDT: Sogndal legg opp til eit hardt oppkøyringsprogram for Per Egil Flo og resten av spelarane. Biletet er frå sesongavslutninga mot Brann.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eliteserieklubben planlegg sju kampar frå 26. januar til 8. mars.

I år som i fjor ynskjer dei å starte oppkøyringa mot Førde i Sognahallen og avslutte med Strømsgodset på Marienlyst før sesongpremieren.

– Vi satsar spesielt på tøffe motstandarar i oppkøyringa, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Firda.

Håp for La Manga

Sogndal legg opp til to vekelange treningssamlingar på høvesvis Gran Canaria og La Manga i januar og februar. Under sistnemnde utanlandsopphald, vonar dei å møte Brann og Start.

Den ballen ligg i fotballforbundet sine hender.

– Får vi ønsket vårt oppfylt når det gjeld La Manga-turneringa, så kan vi ha møtt fem Tippeligamotstandarar, før vi serieopnar mot Tromsø på Fosshaugane 17. mars seier Flo til avisa.

Tøff sparring

Mellom motstandarane er både regjerande seriemeister Molde og sølvvinnar Strømsgodset.

Tøff blir også den første månaden av serien, når Sogndal på rekkje og rad møter fire av dei venta topplaga.

– Då treng vi tøff sparring tidleg, seier Flo til Firda.

Mellom dei to første seriekampane vil Sogndal også ta imot 1. divisjonslaget HamKam til treningskamp på Fosshaugane.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.