Hopp til innhold

Satsar på fiske i Antarktis

Ervik Havfiske på Stadlandet investerer 350 millionar kroner i to båtar som skal fiske tannfisk nær Sørpolen. – Den dagen du sluttar å utvikle deg, er du ferdig, seier Stig Ervik til Fjordenes Tidende. Investeringa blir den største for selskapet sidan starten i 1987. Båtane blir designa av Marin Teknikk Design og Engineering i Herøy. Reiarlaget vil førebels ikkje avsløre kvar dei to fartøya skal byggast.